Søk i denne bloggen

søndag 4. november 2012

My day, my day


Denne og ein til som smilte møtte meg i dag når eg kom fram til KFUK. Denne var tøffast, så eg tok berre bilete av den. Kanskje den andre i morgon ;)


Her er kosekroken min. Ganske så koseleg :) Eg har eit ganske så stort rom. To sengar her, så eg bur endå åleine, og håpar eg gjer det resten også :)


I stolen mot vindauge sit eg i. Her har eg no sett Farmen og kosa meg med Jaffa cakes og engelsk versjon av Noicy ;) Snilde kjærasten min ville betale Sumo så eg fekk sjå det. Det var nemleg veldig viktig i dag, sidan Marianne frå Sunnmøre skulle i tvekamp. Den vann ho heldigvis :D

 "Noicy" = nam


Tidlegare i dag var eg på Westfield kjøpesenteret som ligg ikkje så langt frå her eg bur. Enooormt mykje folk. Slitsamt var det rett og slett. Men eg kjøpte eg ein genser. Var den siste i størrelsen min, så då må no det vere meininga ;)
Og så var det litt ull, og det likar eg!
Her er bevis:

 Så var et heim til middag. Eg hadde fått beskjed om at det var kalkun i dag med dessert attåt. Og det høyrtest godt ut. Svolten var eg òg, etter å ha vore vaken sidan 0600.
Så i dag har eg smakt banan-splitt for første gong! Det var no godt det :)


Det var dagen min. I morgon er det kurs!

God natt.

1 kommentar:

Maya sa...

Kjmpefin genser! ;D