Søk i denne bloggen

onsdag 27. april 2011

Ny sofa og kosing me påskeegge ;)


Ida har kjøpt seg sofa!! Den var ein deeeel finare enn den vi hadde kan du sei...
Fin, brukt og praktisk. Ho fann nemleg ut etter ho hadde kjøpt den at det var ein sovesofa :)


SJÅ STORE PÅSKEEGGET SOM EG FEKK AV VERDENS BESTE KJÆREST!!! :D

Så har eg kosa meg litt i dag også ;) Eg henta det ikkje før måndag, for eg var ikkje i Ålesund før det, men då kan no eg kose meg i Oslo!



Egget var fylt med mine favoritt-ting: Kvikklunsj/mjelkesjokolade, kick, panda pepe, twix, freia påskeegg, kvikklusj, smågodt med blandt anna KROKODILLER :D

fredag 22. april 2011

Fine øyane

Det er verkeleg fint her ute på øyane våre :)

I dag har eg "jobba" på salongen og vore oppe med tante Lollo og fått meg middag :)
Ellers har eg berre slappa av!


Veddemål(?)=beste klipp





Forrige gong eg var heime så var vi mykje folk på Barius og Kaktus. Der gjekk broren min og Preben inn ein avtale at i påska skulle eg klippe av han håret:p grunnen til det var fordi at Preben hadde så langt hår og bakover at min bror synest at han var for soss :p haha.. men Preben gjekk med på avtalen! Så i dag klipte eg av han ein heil del! og eg vart superfornøgd :D Første gong eg har klipt ein slik type klipp. Den herreklippen e er mest fornøgd med trur eg! Det ser betre ut i virkeligheita enn på bileta.

torsdag 21. april 2011

tiiida flyyg

No måtte eg tenke over kva eg har gjort i det siste.. tida flyg av gårde i alle fall.

Eg har vore med Jeanette på freelancejobb to gongar i det siste.
Den eine gongen var det photoshoot med bileter for ho sjølv som skal sendast inn til T&G konkurranse. Toni&Guy er foresten verdens største frisørkjede om du ikkje visste det!
Men tilbake til oppdraget.. Det var veldig gøy når Jeanette var den øverste sjefen når det kom til både hår, makeup, styling(kle) og bileta med å forstå tankar og idèar bak. Janette for makeup og hår, der eg var assistent, eigen stylist for kle og tilbehør, fotograf og modell var til stede.
Andre gongen var eg med til Lørenskog på ein reklamejobb for eit shopping senter. Det er første gong eg har vore med på photoshoot ute. Det er mange utfordringar når det er ute, både med folk, lys, vind og ikkje minst hår og makeup. Det må vere veldig naturleg, samtidig sjå bra ut.
Bileta legg eg nok ut etter kvart når dei er publisert.

Kva har eg gjort ellers... ?


Klipt han Johan..!

Har vore på premiere på kinoen Hjelp, vi er russ! Det er første gong eg har vore på premiere på ein kino. Fekk gratis billetter av ei på jobb som har gjort makeup i filmen :) Så eg og to til frå jobben var moralsk støtte ;)



Så har eg prøvd å funne meg nye vårsko.. Men selfølgelig når eg er på jakt etter sko, så finn eg ingen.. Ellers når eg ikkje treng sko er det alltid mange eg har lyst på. Så det går forstatt i dei ikkje alt for fine converse skoa mine.


Vart litt av ei oppdatering dette her! ;)
Tirsdagskveld reiste eg heim til Sunnmøre. Landa 2155 og Heidi mi kom og henta meg på flyplassen og køyrte meg til Skjeltene. Vart litt knapt med tid, så eg ringte ferga og den venta faktisk i minutt!! WOW, snille fergemenn! :)

Øya mi! :)

Haramsøya og Longva.

I går, onsdag var det fotballcup for frivillige i den nye flotte Nordøy-hallen vår der eg var med og spelte. Det var utruleg kjekt!! Vi kom faktisk på 1.plass!! :D Fekk meg to mål og greier ;)

Her er pokalen vi fekk!

Etter cupen var for vi på skodespel og dans! For ein flott start på påska!!!


God påske alle saman! :)

søndag 10. april 2011

Laurdag: jobb og mys :)

I går jobba eg først frå 10-17, deretter dro/drog/for(?? dette er grunnen til at eg må byrja å skrive litt meir rett... så Hege, kan du gi meg svaret? :p) eg, Johanna, Michaela og Carina på Memphis restaurant/bar som ligg rett over gata frå Toni&Guy. Der åt vi mat og kosa oss i SOLA :)

Så for Carina heim, og vi andre til Michaela og såg filmen fro Paris with love. Ein utruleg bra action film tykkjer eg.


fredag 8. april 2011

art meeting, 30-tallet.


Vi har noko som kallast art meeting cirka ein gong i månaden. Det går ut på at begge Toni & Guy salongane i Oslo møtast og "trenar" på klipp/farge/styling.
Tema som har vore er London fashion week til dømes. Toni & Guy er hovudsponsor for London fashion week, og vi har stylistar som har vore med, og dei viser oss videoar, tips og triks korleis dei har gjort forskjellig. Etter vi har sett demoen til dei skal vi ha eigne modellar som vi må skaffe sjølve og trene. Om du er fargetekniker skal du gjere noko innan farge, er du stylist skal du gjere ein klipp eller styling, og er du lærling får du velje.

Spør gjerne om spørsmål om du lurer på noko! :)

På onsdag på art meeting skulle vi ha valt eit årstal(?), frå 20- til 90-tallet trur eg.
Eg hadde i grunn ikkje modell, men ei på jobb har 3 vennar som skal feire 30 års dag og skal ha 30-talls tema! Så då ville eg øve meg på bølgeføhn.... haha.. det var lenge sidan sist. Ho hadde i tillegg eit mega-tjukt hår, så eg sleit.. Men eg synest det vart ein kul effekt å ha det berre i luggen.

Litt 30-talls? :)


tirsdag 5. april 2011

PAKKE!!!


Pakke e nåkke ta de kjekkaste ej veit!!!
Å ej he en fooole snild kjærest :) verdens beste faktisk ;)
Når oss va innom Elkjøp kika ej på dei, og tre daga ette fer ej dei i posten :p



mandag 4. april 2011

ME


Måtte berre vise mitt kule bilde :p hihi.. Trondheim <3

søndag 3. april 2011

Slapp søndag




I dag har vore ein frykteleg slapp dag. Men det er vel greit å ha dei også av og til. I går var eg i gebursdagsfeiring til Steinar og Suye. Steinar er frå Brattvågen og bur også her i Oslo. Eg kjente kun Johan og Steinar og der var cirka 20 stk. Koselig kveld med mange nye folk :)

Ida reiste til London i dag for førebuing til den eksamenen som vi skal ta i London. Så da blir eg heimealeine i ei vike.
Frode reiste også foresten til Singapore i går og var framme i dag tidleg.

Eg har brukt dagen på å vaske klede, prøvd og funne meg god musikk på Spotify, snakka med mamma, rydda litt og hatt flette-undervisning med May-liss på Skype;) ellers ikkje gjort nokon ting.

No har det blitt kveld og eg har tent lys. Vêret ute har vore grått og trist i det siste. I går eller i forgårs var det sjukt med skodde ute. Tok biletet når eg venta på trikken.



26.-29. mars

(Fargedesign på gong;))

Laurdagskvelden reiste eg heim etter jobb, fordi det var siste helga Frode hadde fri på ein månad. Prøver meg no på å skrive litt nynorsk.. veit ikkje heilt om eg skal begynne å skrive nynorsk eller bokmål her for min eigen del.

I alle fall så var planen min for denne helga å øve meg på klipp og farge/striper. Hadde på førehand spurt om modellar, og mange viste interesse. Er svært takknemleg for det, og det blir nok ikkje siste gong!! :D Rakk vel ein tredjedel av det eg hadde tenkt.

På laurdagskvelden når eg kom var det dans på Barius og Kaktus, den lokale baren på Haramsøya. Det var mykje kjentfolk som skulle dit, så eg gledde meg stort. Fekk både dansa og prata mykje med nære og kjente, og sovna vel cirka 03.30. Stod opp igjen 08.30 på søndagen, etter å ha stilt klokka ein time fram, så eigentleg vakna eg 07.30!! :S Byrja med hårfiksing 09.30 og holdt på til 21.00. Ein slitsom, men kjekk dag.

Måndag sov eg lenge og starta ikkje på jobb før klokka 14.00 som var veldig deilig.
Ellers slappa eg av heime på sofan resten av kvelden.
Tirsdagen var også ein hårdag frå klokka 12.00 til 15.30. Tok då turen opp til mormor og morfar for å seie hei og åt middag med Frode sin familie før det var å reise til Ålesund og vidare til Vigra.
På veien til Ålesund stakk vi innom Elkjøp der Frode kjøpte meg ekstern cd-rom!! Ikkje fordi eg hadde sagt at eg måtte ha det, men fordi han tenkte han skulle kjøpe det til meg :p



Eg var så godt i gong med skrivinga at eg gløymde å skrive at mens eg har vore på salongen har Frode og broren min vore i hallen vår og skrudd bil. Frode skal skifte motor på bilen sin!

Så slik ser stakkaren ut no. Men håper han får det betre :)

Eg har også laga eit bilete til Heidi som eg stakk kjapt innom med :)