Søk i denne bloggen

mandag 30. januar 2012

Blitt klipt på scena

(Kaja vaskar håret mitt)


Dåå var det måndag igjen! Godt med helg, men kjekt å klippe igjen også :)
I dag vart eg spurt om ein hårklipp, eller faktisk en "trim" spurte han. Og etter alle dei siste gongane eg har kikka meg i spegelen så har eg verkeleg sett at det har vore svært nødvendig. Så lenge han ikkje klipte av meg alt håret.

Her sit eg på scena i lag med ei anna som gjekk frå laangt hår til heilt kort.


Her studerar han. Og det er ikkje øyra mi som stikk ut, det er den lyse stripa mi :p
Ser du forresten kven eg liknar på??

FERDIG! Tok av veldig lite bake, men runda det i front. Har også fått kortare luggparti.

Er fornøgd eg :)

søndag 29. januar 2012

Camden Town


Vi var forresten ute ein tur i går. Vennindene til Kaja, Tonje og Terese er på besøk. 
Alle lurte selfølgelig kvar vi var i frå. Og meg tippa folk Polen, Ukraina, Slovakia, Sveits, Nederland og Irland. Det var mest på grunn av hårfargen min sa dei. Hmm.. Kaja fekk også høyre Polen og Slovakia og ho er blond. Så har vi vel litt spesielle preg då eller?? :)

I dag for vi(ein sliten gjeng) først til Westfield for å bytte noko, og skulle vidare til markedet på Camden Town, som viste seg å bli ei lang reise.
Vi hadde tenkt og ta t-bana, men det var 8 miutt og vente. Så har ikkje Terese, venninda til Kaja tatt doubledecker før, så ho ville gjerne ta buss. Der stod 31 minutt, frå Vest til Øst. Men bussturen tok faktisk over ein time!! Men vi fekk i alle fall sjå forskjellen på Vestkanten og Østkanten. Vi bur heldigvis på Vestkanten. Ja det må eg også fortelje: Folk lurte på kvar vi budde her i London. Vi bur på ******* **** (på Vestkanten). Alle berre: OOoouuhh, so posh!! haha :p Jaja, er ikkje kvar dag eg får oppleve det ;)


Her sit vi på doubledeckeren då veit du



Camden Town markedet var veldig stort. Veldig mange boder med veldig mykje forskjellig. Alt frå vesker, klede, smykker, mobildeksel(som eg kjøpte), bøker, London-ting, bilete+++ Mykje Vintage :)

Eg kjøpte meg faktisk ei "Second Hand" jakke i dag!! Militærgrøn stooor parkas. Og det var eg verkelg glad for. Det var så kaldt i dag at eg hadde den utanpå mi andre jakke, og det var fortsatt kaldt.




fredag 27. januar 2012

Slik jobbar oss


I dag har vi hatt Kolleksjonsdag/Advanced. Eg klipte en klipp som ligna litt på Emma Watson sin klipp.
Pass(Bestått) på practice på den for dei som skjønar det.
Ellers hadde lærarane halve dagen visning på scena med inspirasjon og forklaring av kolleksjonen.

Min plass den dagen eg tok bilete.. :)

No skal eg og Kaja møte to venninder til Kaja som er på London-tur. Så skal vi ut ein tur :)



Få litt fleire kommentarar no då frå alle dokke kjente som er innom ;)

Label M dag + Westfield


I går var det Label.M dag på skulen, Toni&Guy sitt produkt. Det er det Label M som brukast på London Fashion Week, som Toni&Guy er hovudsponsor for. (Litt fakta måtte selfølgelig med;)

Her er 2 av 3 stk som dei brukte i demonstrasjonen på scena for oss for å vise teknikkar og måtar å bruke produkt på.


Klippane er inspirasjon frå kolleksjonen Alignment


Etter demoen var det workshop der vi fekk modellar og skulle bruke mykje produkt og leike oss. Vi klipte også, men det var ikkje så seriøst med klippen som det er til vanleg. Plutseleg kom dei å sa: du har fem minutter på deg til å bli ferdig. Håhååi, skal sei folk fekk opp farta då, når vi vanlegvis brukar ei evighet.

Min modell : 



Etter skulen for eg og Kaja til Westfield senteret på SHOPPING! Vi kom litt seint så vi rakk ikkje å sjå så mykje. Men shopping vart det i alle fall :) Kan vise ein annan dag ;)


Kjøpesenteret er det fiiinaste og støørste senteret eg har sett. Sjekk lysekronene.. Vakkert.


Så vil eg skryte litt av meg sjølv og Kaja på slutten :
Kaja bestod Round layer i dag!!! WOHO!! (ein veldig vanskeleg klipp)
Og læraren min sa til meg i dag: Wow! Do you have clients in the salon? I would really pay for that haircut! It`s really nice!
Klapp på skuldra til oss ;) hihi..

God natt

mandag 23. januar 2012

Første "skuledag"

Ja endeleg er første "skuledag" over. 
Den har vore både grusom og bra faktisk. 
Alle er i frå England. Og meg, med den supre engelsken(ironi) synes eg det var heilt forferdeleg. Kunne i alle fall ønske det var en til som ikkje var frå England. Men, men.

Vi hadde informasjon frå 0900-1300, lunch 1300-1400 og klipping 1400-1730. 
Han som som ga informasjon snakka heldigvis tydeleg engelsk, og eg fekk med meg det meste(trur eg). Har ikkje skjønt heilt systemet endå med modellar. Lunchen var saman med Kaja og kjærasten, og klipp i 3,5 time!! Har aldri klipt så lenge før :p


Læraren vi hadde i dag var SUPER! Alle som har skremt meg slik med at dei er så strenge. Jaja, han er jo sikkert den snillaste då :) Det er berre å sjå på vurderinga ;) hihi.. 
Og kunden min kyssa og klemte meg, spurte om eg hadde fått ordna med vaskemaskina så eg fekk vaske klede, sa eg måtte passe meg, trur ho fekk ein voldsom morsfølelse der ho satt :p jaja.. koseleg det.



Var forresten på kino i går med Kaja og Nicolai og såg Haywire. Ei dame som for rundt og drap folk.. Lite snakking, mykje springing. rett og slett. Ikkje anbefalt.

No er det natta. Håpar på ein god dag i morgon.

søndag 22. januar 2012

Forklaring av kva eg gjer i London



Sidan det ikkje er alle som veit kva eg gjer i London skal eg fortelje det.
Eg har no vore lærling på Toni&Guy i Oslo i eit og eit halvt år. Toni&Guy er ei internasjonal kjede som har sitt eige system og ikkje følger det norske.
Eg veit eg har sagt det før, men det er verdens største frisørkjede.

På T&G enten klippar du eller fargar. Så for å bli spesialist innanfor dette, må du gjennom testar som ei fagprøve. Dette skal gjerast i London med hovudteamet for å få jobbe i T&G.
Det er dette eg er på no. Eg skal ta Varderinga mi her i 8 veker og bli Stylist(klipp og styling). Grunnen til at det er over så lang tid er for at dei første vikene er det på ein måte forbereding til sjølve Varderinga, og du må bestå så og så mange klippar.
Så er det øvingar, teoridagar, ut på gata og finne modellar som alt i alt tar tid.
Det er til saman 13 klippar og ei oppsetting som eg skal bestå.

Kjennar du nokon i London så må du gjerne seie i frå :)

Spørsmål? :)



Slik bur eg



Framme i London...

 
Eg ventar og ventar... No er klokka 1500, og eg var framme her eg skal bu 1330. 
Det var vist ei jente som ikkje hadde flytta ut når eg skulle, og dei skulle be ho om å gjere det innan ein halv time. Og no har eg vore her i 1,5 time! I gangen sit eg og ventar og kjedar meg. Har ikkje ete mat på 8 timar heller(anna enn sjokoladen som du ser). Nei no vart det mykje syting her...

Har i alle fall fått omvisning her, og ikkje minst internett! ;)
Her er to stover, ei med piano som det er laptop forbud og ei TV-stove med både norske og engelske kanalar. Og ein matsal som vi får frukost, mulegheit til å smøre lunch og middag. Kan til og med skrive meg opp på "sein middag" så sett dei av mat til meg.
 
Men no fekk eg endeleg rommet!! Så no skal eg ut å ha meg mat!


søndag 15. januar 2012

Den store Cupcake-dagen

Micha på kjøkkenet

 
Meeg på kjøkkenet

Maaange muffinsar. Vanlege, vanlege med sjokoladebitar, sjokolade, sjokolade med sjokoladebita og vanlige med kanel(smakte krydderkake). Mmmm :)

 Maaasse pynt!



 Tommel opp :D


Jannicke sine:


Michaela sine:


Og mine opp ned.. Veit ikkje kvifor.


 Kooos ;)

lørdag 14. januar 2012

Middag på bordet


To innlegg på ein dag folkens!! Det er ikkje verst om eg får seie det sjølv.

No er det helg igjen. Har ikkje vi akkurat hatt helg?

I går, fredag kom Ane innom jobb og henta nøklane til leiligheta mi. Og når eg kom heim frå jobb var middagen klar! Laks og poteter med hallandaise saus. Veldig greit og ha Ane på besøk ;)

I dag har eg vore på jobb, mens Ane har styra med sitt. Når eg kom heim så var middagen klar til meg i dag også. Tusen hjarteleg takk Ane :)



I morgon skal eg til Michaela og bake Cupcakes!! Så da får dykk forhåpentlegvis bilete av nokon fine cupcakes i morgon :)

Cookies!!!


Cookies er min favovoritt.. over alt.. etande. MMMmmmmMMm.. 
Så her er ei oppskrift som dukka opp som eg MÅ prøve ein dag.

Chocolate chip cookies


  • 300 g hvitt sukker
  • 300 g brunt sukker
  • 200 g smør, romtemperert
  • 2 egg
  • 600 g hvetemel
  • 1 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljesukker
  • 1 ts salt
  • 200 g sjokolade, hakket
  • 200 g mandler, hakket
Pisk sammen sukker og smør til en luftig masse. Tilsett eggene og bland godt. Ha i mel, bakepulver, vaniljesukker og salt. Bland godt. Deigen skal være ganske hard og kan være litt vanskelig å samle. Kna inn sjokolade og nøtter. Form deigen til små kuler og plasser dem på en stekeplate med bakepapir. Press kulene litt flate og stek dem midt i ovnen på 225 grader i 10-12 minutter. De skal være gylne rundt kanten og myke i midten. Avkjøl på rist.

 Frå bloggen http://matmisjonen.wordpress.com/2012/01/13/chocolate-chip-cookies-perfekt-norsk-oppskrift/

torsdag 12. januar 2012

Kroken min


I kroken min er det forskjellig. Ønskelista mi.. som du ser over! Tar tid og pengar med eiga leilighet.


Og den kjære tavla mi som stadig forandrar seg :)

No er det forresten berre 10 dagar til eg reiser til London!

tirsdag 10. januar 2012

I dag


I dag har eg vore på "vin och yatzy" med Michaela! Johanna er fortsatt på besøk i Noreg, og dei hadde planlagt vinkveld. Så vra eg så heldig eg fekk vere med ;)
Det var i alle fall veldig koseleg, og eg fekk faktisk yatzy to gongar!! Tok også bilete, men får ikkje til å legge dei inn på dataen. 


Men eg kan fortelle at eg var på salg på Jysk i går og fekk kjøpt meg ei pute til å ha inni det fine putetrekket som "svigermora" mi har strikka til meg!! Eg sa for leeenge sidan at eg ynskja meg ei slik pute, og jammen og deg fekk eg ei i julegåve! :)


Sjååå :) Veldig fornøgd :)


Det kvite og grå teppet laga ho også til meg :)
Kosekrå :)

mandag 9. januar 2012

Vigelandsanlegget


I helga har Ane vore på besøk :) Laurdag var vi på Yoga, litt shopping og på kino og såg The girl with the dragon tattoo. Filmen tykjar eg var utruleg bra!! Anbefalast.

Søndag tok vi turen til Frognerparken for å sjå på Vigelandanlegget, sidan eg aldri har vore der.
Såååå fint vêr det var denne dagen!! 



Trykk på bilete for å sjå det større ;)



Kaldt, men ein kjekk tur :) Avslutta med kakao og kanelbolle ;)

torsdag 5. januar 2012

Berre i dag

I dag er det 17 dagar til eg reisar til London.... På gebursdagen til systera mi. 

Gledar meg.


I sitatboka som eg fekk i julegåve av Ane står det i dag:

Den største feilen man kan gjøre i livet,
er å stadig være redd for å gjøre en.

onsdag 4. januar 2012

Oppsummering del 2


Juli: Ferie heime, "hyttetur" til Stordalen, leikeland++ FLYTTA INN I MI LEILIGHET!!! Prosjekt speil, bad, leilighet!
En serie eg var assistent på kom på Oslonights.no!



August: Gjorde mi første brud; Diana, hadde besøk av japanske Minako, borda mine beli ferdige takka vere hjelp av Ane, jentetur på byen og Leon vart 4 år denne månaden :)


September: Tyrkiatur med Frode, London og Manchester tur med familien og bedrifta til pappa, gjekk frå blondine til brunette.



Oktober: Klatring, tok årets lærling bileta, reportasje av London-turen i Aftenposten, matpåfylling av mamma og pappa, Hår 2011 i Ålesund, mislyka tur til Malmø der Rihanna avlyste konserten..


November: Kurs, besøk, Twilight med Aileen, hejdå-fest for Johanna, Cup-finale der Ålesund vann over Brann.


Desember: Satt saman pepparkakehus ilag med Ane, søste på besøk, publiserte Årets lærling bileta, jul.



mandag 2. januar 2012

Oppsummering av 2011 del 1


Januar: Fekk diamantring med Frode i 20-årsgåve, slalomtur med Heidi og Frode, godtestreik=godte-giveaway!



Februar: GEBURSDAG!!!! Lærte(blei i alle fall vist) korleis du lagar nettingflette, Trondheimstur til May-Liss og besøk av Heidi :) I tillegg: assistent på klesvisning(hår) og hår til ein konsert. Moods of Norway show, VM i Oslo, Trondheimstur, 3,5 mil på ski...




 Mars: Astma og allergi testing, eg og Frode laga traktorvafla, oppsetting, besøk av Sigrid og May-Liss/ Robyn konsert.



April: Preben fekk seg kul klipp, fekk svæææært påskeegg med Frode og vinnar av påskecupen.
Ellers oppsettingskurs og forskjellig..



Mai: KJØPTE LEILIGHET!!!! 17.mai som vart feira i lag me svenskane Malin og Johanna ;) 
Innflyttingsfest med Saman og Frode kom på overraskelsesbesøk(blei også ny TV).





 Juni: Vin med Christine og Sara, Vg-lista med Michaela, Veten med Frode, Heidi og søskenbarnet til Heidi, og solgte alle møblane mine.
I tillegg var eg i Trondheim med May-Liss:)

Eit flott halvår gitt ;)