Søk i denne bloggen

søndag 26. februar 2012

Shrek Musikal!


I dag bestilte Michaela billettar til Shrek musikal til meg og ho når ho kjem den siste veka mi :)
Det blir sikkert kult :)

lørdag 25. februar 2012

Jobbedag.. sol ute..ikkje inne..


Slik er det ute(fekk til og med ein bit av norskeflagget)...

 Og slik er det inne med meg...

No har eg akkurat ete lunchen min som var skiver med bringebærsylte. 

Eg driv og jobbar med prosjektet vi har på skulen. Finne ut om Toni&Guy og Toni&Guy sine kolleksjonar frå 1996 til 2012. Eg har funne det meste av fakta gjennom desse vekene og printa ut bileta eg skal bruke. Så no driv eg å finn ut korleis eg skal sette det i saman, og finn ut små fakta og detaljar som får meg til å forstå ting endå betre. 
Eg gjer det ganske enkelt i forhold til andre som har laga video, teikningar, produkt som kan opnast med informasjon osv. Men eg fokuserar meir på innhaldet og ikkje kreativiteten denne gongen sidan eg ikkje har så mykje utstyr.
Håpar det blir ganske greit i alle fall. Spesielt med tanke på engelskskrivinga...

fredag 24. februar 2012

Ein fin link..

(Tenkte eg ikkje skulle skrive noko om å vere mamma på overskrifta her.. hehe.. 
Kan blir missforståelsar. )
 

Eg vil berre legge ut denne linken her. Var ei venninde på facebook som hadde lagt den ut. 
Synest det var utruleg fint og bra skrevet. 

Det er veldig mange unge som får barn, og det er nok ikkje noko negativt med det. 
Men alle hadde hatt gått av å lest det her trur eg.

onsdag 22. februar 2012

GEBURSDAGSKORT!!


Eg fekk gebursdagskort med Guro her ein dag!!! Veit ikkje korti eg har fått det, fordi eg visste ikkje at vi måtte sjekke posten sjølv :p
Men det var ei alle fall veldig koseleg!! Stas! Så no er ikkje tavla mi tom lengre heller :)
Tuusen takk Guro :)


Forresten veldig dårleg med kommentarar for tida.... :(

tirsdag 21. februar 2012

M&M


I går tok eg og Kaja turen til M&M butikken for å kjøpe sjokolade ;)
Ho får besøk i morgon til ho reiser, så det var på ein måte siste dagen vår.
No har vi vore her 5 viker i lag. Tida har gått fort!


(Dette er M&M søste ;)
SJOKOLAAADE :p

mandag 20. februar 2012

BOLLE


Eg og har ete fastelavensbolle i dag! Dei hadde laga det til oss :) Kos :)

Så har vi forresten vore på kino i dag og sett The young adult.. flau film.. 


I går var det demonstrasjon utanfor her:




lørdag 18. februar 2012

Eit lite bileteras





No kjem diverse bilete frå mobilen som eg ikkje har klart å legge inn før no..
Happy bithday lappen som hang på matrommet om morgonen då eg var gebursdag!


Eg smakte spareribs for fyrste gong i mitt liv! Og det var godt!! Men den var no veldig stor!! Servitøren såg på meg og sa: Er den stor nok?? høhø.. Men eg åt den eg!! Men eg skrapa ikkje av beina då sa Frode.. :p


Kakaoar blir det nokre av.. I alle fall no i forkjølelsetida. Men når vi går rundt og leitar etter modellar og blir kalde,er det også godt med ein varm kakao:)


Tirsdag den 14. febrar var et Valentinsdagen. Frode var her, men han bryr seg ikkje om den dagen:p Men han har spanderte mat på meg kvar dag, og vi har hatt det veldig koseleg den tida han var her, sjølv om eg ikkje var heilt i form. I alle fall, det eg skulle seie var at tirsdagen så skulle vi hente ting der eg bur som han kunne ha med seg heim. Då låg der ei rose og i lapp på senga til Kaja som eg såg. Åh, har ho fått roser med Nicolai(kjærasten) no igjen. Ho fekk nemleg roser med bud til skulen på 7 månaders dagen dera ;) Så sa Frode: du også har fått! Så de var no litt koseleg då :) Takk til K;)




Og sidan dette innlegget nesten er dedikert til May-Liss så slenger eg med bilete av ei kul lommebok eg såg. Passar godt sidan ho bur i Bartebyen ;) hehe..

Så må eg fortelje at eg faktisk fekk tips frå ein modell ein dag!! Det var stas :)
Og så har eg gløymt å sagt at eg bestod round layer, den siste på tirsdagen :)

Oooog i morgon har eg vore her i 4 veker, og det er 4 veker igjen!

mandag 13. februar 2012

Turistar på tur





 Klarte å fange han Frode framfor ein double decker ;)


The Tower Bridge..
 


The London Eye..


I dag har vi vore turistar på tur!

Så har vi vore på Westfield og shoppa litt :)
Og avslutta med mat på Fridays i Covent Garden i lag med Kaja :) Fin,fin dag :)

lørdag 11. februar 2012

WOHO!!

I går bestod eg 4 av 4 hårklippar!!! 

Og vi var kun to i klassa som bestod 4/5;) Eg skal ha min 5. på tirsdag, forbi ho ikkje kunne komme i går.
Men eg er litt stolt av meg sjølv :p Håpar at eg er så heldig med modellar neste gong også..

Det er nemleg slik at etter 3 viker så skal vi ha presentasjon av 5 obligatoriske hårklippar som vi skal bestå. Vi må ha gjort minst ei øving , og helst bestått øvingane.

Det var ikkje så mange som strauk på dei klippane dei hadde, men mangla modellar. 
No må vi bestå dei vi manglar i løpet av den veka som kjem. Viss ikkje må vi ta dei med i neste (og siste) presentasjon som er om 3 viker. Då blir det dei 5 obligatoriske som er for vike 6, pluss dei man eventuelt manglar og eventulet dei 4 distiction klippane... så det er ein del. Distiction klippane er klippar som ikkje er obliatoriske, men som du kan ta for å få den høgaste karakteren. Eller det er tre klippar og ei oppsetting :)

Men no skal eg stikke og møte min kjære Frode som kjem på besøk!!! :)

fredag 10. februar 2012

Gebursdagen min som var..


Onsdag var eg gebursdag og når eg kom ned i "matsalen" hang der HAPPY BIRTHDAY :) Eg trudde ikkje det var til meg, men når eg snudde meg stod alle arbeidarane der og sa gratulere med dagen til meg :) Kaja berre: "Jeg sladret jeg".

Vidare på skulen gjekk det veldig bra! Bestod begge practicane mine som eg hadde. Og den eine var den siste eg hadde igjen som eg ikkje hadde bestått practice på for fredagens presentasjon. Dei sei at du ikkje treng å ha bestått dei med alle P`ar, men eg  synest det er greit å ha gjort det.
I lunchen "feira" vi med lunch på Starbuck i staden for medsmørt mat. Kakao og rundstykker med skinke og ost. Og Kaja spanderte på meg ;)

Etter skulen for vi heim å vaska klede. Eg fekk forskjellige telefonsamtalar og las på facebook :)
Så for vi ut og åt på I Notting Hill i lag med Hanne (frå den andre salongen) og kjærasten,  på ein luksuriøs og utruleg fin Indisk restaurant som dykk ser på bileta. Men det var veldig små porsjonar og dama masa utruleg mykje.. God mat, men ikkje verdt pengane.. :p

I går møtte vi Kine som kom frå kurs. Vi og Hanne og Robert var i Chinatown og åt mat. Sååå god mat :)



mandag 6. februar 2012

Snømanna


I går gjekk vi forbi 4 søte snømannar

lørdag 4. februar 2012

Oppdatering.. vore utan internett



No er det snart ei vike sidan oppdatering her.. :p Men vi har vore utan internett i tre dagar. Og i dag berre kjem den og forsvinn heile tida. Veldig slitsomt. Vi som skulle jobbe med prosjektet vi har på "skulen". Finne ut om Toni&Guy kolleksjonar frå 1996-2012. Men sidan det ikkje var internett her i dag så gjekk vi på Starbucks for å bruke internetten der. Og då må vi no kjøpe noko. Pengane flyg avgårde.

Onsdag hadde vi i alle fall Hairup dag/Håroppsettsdag på akademiet. Vi skal i løpet av desse vekene bestå practice/øving og assesment/oppgåve på vertical roll/svinekam. Ja det blir mykje engelsk/norsk. Spesielt når vi er vant til at når vi snakkar om terminologien i Oslo er den også på engelsk.
Først så var det demonstrasjon på scena om korleis å lage ein rein hestehale. Etterpå skulle vi gjer det og vise lærarane.

 (Jodie har demonstrasjon av svinekam)

Så var det demonstrasjon av svinekammen, og vi skulle øve etterpå. Eg bestod då practice og fekk øve på det eg ville. Kunne gjerne spør om tips og råd frå dei. Så eg laga då to vertical roll`a og ein "snurr" i front. (bileta som er øverst) Ganske 50 talls. Ein svært kjekk dag :)

Ellers så nærmar det seg presentasjon av dei fem første obligatoriske klippane som er på fredag. Meir vil eg ikkje sei om det... :p


I dag fekk eg endeleg til å laste opp bilete!