Søk i denne bloggen

torsdag 29. september 2011

onsdag 28. september 2011

....




Ikkje den beste dagen... men på en måte den beste dagen alikavel.



tirsdag 27. september 2011

Frå blondine til brunette


Måndag 12. september gjekk eg frå kvitt hår til å bli brunette. Trur det er cirka 4 år eller lengre sidan eg var så mørk. 
Eg har tenkt på dette ei stund, og det er eg glad for. Håret begynner å bli lengre no, og då er det lett for at det ser veldig falskt ut med platinablondt hår. Eg sparar til langt hår, og i hårfarge er det mykje pleie, i motsetning til bleiking som berre slit på håret.
No var det på tide med ei forandring, og det går også mot haust og vinter, så eg følte det var på sin plass. Eg angra litt i starten, men eg begynner å bli vant til det.


Her blir forpigmenteringa satt i. 
Når ein går frå så blondt hår, må ein alltid forpigmentere. Viss ikkje blir de grønt.
Går ikkje meir inn på det no, spør om du vil vite meir.


Brunt, eller blondt.... :p

mandag 26. september 2011

Shoppingen


UNDER 300 kr... ah...

Dei to første para var under 150 kr per par.
Kjøpte også ein poncho, som skal bli veldig på moten igjen! :p Og to andre gode og varme strikka genserar.


Og her er effektane vi fekk gratis på Vip`en og billetten :)
(Fekk ikkje til å snu bilete)



lørdag 24. september 2011

London, søndagen, Manchester United - Chelsea


 SJÅÅÅÅÅ! 
Eg trur bilete talar for seg sjølv... for ein opplevelse av ei stemning!! Fekk gåsehud når eg kom inn på stadion.


 

Første omgong tok  Manchester United heilt av!! Eg fekk faktisk mange gode fotballbilete, men har her plukka ut frå dei tre måla. Første bilete er ballen på veg i mål trur eg. Det var i alle fall rett før målet.
Bilete 2 og 3 er gleden etter mål. Klikk på bilete for å sjå det større.


Vi hadde Vip-billettar og fekk gå igjennom museumet og sjå pokalar, drakter med meir. Vi åt også middag der før vi tok bussen heim. Bilete frå bussen heim trur eg at eg sensurerar ;) men eg kan seie at det var ei ubeskriveleg god stemning etter 3-1 seier over Chelsea :)

fredag 23. september 2011

London, laurdagen!

 Vi budde på Radisson Blu Portman hotel, rett ved Oxford Street, og rett ved Madame Tussaud.
Vi hadde med eigen "toastmaster"(mannen til søskenbarnet til mamma, og selfølgelig søskenbarnet til mamma), og han hadde laga til program for heile helga.

Laurdagen var fri dag for gjengen på 22 stk.
Eg har lenge ønska og vore på Madame Tussaud, og dette var endeleg dagen :)
Bilete over er del øldrikking i sola før vi gjekk inn.


 Bileta talar vel for seg sjølv :) Det er utruleg bra laga. Nokon ser mindre ekte ut, mens andre må du nesten ta på for å sjekke. På bileta er det meg og Ingrid.




Etter Madame Tussaud kribla det i magen for meg og Ingrid etter shopping. Dei fem gutane som var med oss denne dagen, vart lei etter ti minutt i lag med oss, så dei gjekk sine vegar. 
Har kjøpt meg litt klede og sko, men bilete av det kjem seinare.


Klokka 1930 trur eg, var det felles oppmøte på hotellet. Vi gjekk før på eit konferanse/kurs rom på hotellet der søstera mi synte bilete frå når han pappa starta bedrifta og litt framover. Pappa fortalde litt, og det var god stemning. Kan fortelje at pappa hadde møtte Aftenposten før vi andre kom, og han var med oss inn og såg på presentasjonen. Kjem meir tilbake om det seinare.

Her har eg fått med nesten heile gjengen :)


Så tok vi taxi til Soho for å ete mat der. Dette var hovudmiddagen, så eg, søstera mi, broren min, og ein frå bedrifta haldt tale for pappa :) Då var det både latter og tårar i augekroken ;)


Søndagen kjem snart....

London, fredagen


No er det vel på tide med oppdateringar frå helga. Eg veit ikkje heilt kva bilete eg får lov til å legge ut, men eg prøvar meg så får dykk berre sei i frå.
 
Bilete over er i alle fall frå bussturen frå flyplassen Heathrowpå veg til hotellet. 
22 stk på tur og aldri sur :)

Vi hadde ein felles middag på fredagskvelden, så det var berre å komme seg inn på romma og rett på ein Spansk tapas retaurant. 
Det var sikkert 9 under med mat eller noko, så mett vart vi i alle fall.

Flott start på helga.


fredag 16. september 2011

London

Sjå kor tøft! Ein av arbeidarane til pappa som har laga :)
Det er veldig mange i bedrifta som er Manchester United fan, så vi skal på fotballkamp på søndagen å sjå
Man U- Chelsea :D Eg gledar meg!

Eg er ikkje ferdig med talen til pappa endå, så no må eg skrive litt.


Halv time til avreise til London!!


Skjult kamera, 6 års jubileum og kurs


 I dag har no vore litt av ein dag! Mykje å gjere på jobben, og plutseleg kom det inn ein gammal mann og ei gammal dame med litt av nokon hanekammar!! Mannen hadde sann som på biletet over, berre grått, og litt kortare, og skalla(?). Dama såg ut som ho berre hadde sitt eige hår opp i ein stor tjukk hanekam. Dei var heilt vanleg kledd, og kom berre plutseleg inn i salongen. Eg trudde det var nokon som kjente dei, men folk skjønte ikkje så mykje før dei begynte å gå inn og ut døra.. Det var skjult kamera :) Kundane våra på salongen spurte: er det dykk som har styla dei? haha.. litt morosamt då :)

 

Så hadde salongen vår på Grünerløkka 6 års jubileum i dag!! Så vi fekk 7 pizzaer til feiring! Stas!

Etter jobb frå 10-19 var det klart for Redken stylingkurs. Når det er utruleg mange produkt å velje mellom, er det lett å få sine favorittprodukt å kun bruke dei. Så det var godt med ny informasjon og repitisjon :)


I morgon reiser eg til London og feirar 40 års jubileumet til Longva Maskin, bedrifta til pappa, i lag med familien og bedrifta!! Gledar meg så utruleg mykje!!!!!!!


onsdag 14. september 2011

Tyrkia

Glimt frå Tyrkia :)

Leiligheta vår :)

Har blitt veldig koseleg der :)
 Var godt med ei vike i varmen :) Eg og Frode har slappa av og ete god mat.

Her er utsikta frå ein ny restaurant ved havna.

Frode bak melondrinken vår :)

<3

søndag 4. september 2011

Due Date



Fredagskveld kom Frode hit, og i dag reiser vi til Tyrkia.
I går kosa vi oss med cookies og filmen Due Date :) Regissøren er den samme som laga Hangover, men eg synest Hangover var litt betre.

lørdag 3. september 2011

Godterislottet

 Johanna :D


Jannicke :D

Tenkte eg måtte fortelle om den nye, svenske godteributikken på Bislett!! Såååå mykje smågodt!! Og 19 kroner for å leige film!! Fantastisk;)