Søk i denne bloggen

torsdag 26. april 2012

Pause



Sjølv om eg har eigentleg mykje å skrive om, 
har eg meg ei lita pause.

mandag 16. april 2012

Effektiv dag!

I dag har vi hatt ein effektiv dag! Klokka som eg fekk med tante Grethe i julegåve kom endeleg opp på veggen i dag :)


Sjåå kor fint det vart :) Vi hadde laks i fløtgratinerte poteter og brokkoli :) MMmmmmMM:)


Her sit eg i sofaen og ser på den fine klokka mi ;)


Så har eg fått persienner på alle vindauga! Fantastisk!


Så var han så flink at eg laga skive til han ;)


Men ikkje nok med det. Knaggar og lampe har han også hengt opp til meg! :)
(laus ledning pga festa var for små)


Det vart sååå fint :)


No trur eg gangen min nesten er heilt ferdig ;)


Bra, bra dag :)
Fint?

Behind the scenes.


Her er meg når eg ordna hår til photoshooten med Linna Myhre/(Sinnabloggeren.)
Litt gøy og ha slike bilete også :)

fredag 13. april 2012

Oppsetting på Michaela




Ei oppsetting eg faktisk vart fornøgd med :) 
Kjekt å leike seg litt av og til!



tirsdag 10. april 2012

Wok og vinnarlukke!



I dag var første dag på jobb etter påske. 
Og i dag kom endeleg Frodusen på besøk. Skal vere her i to(!) viker. Om han holder ut :p 

Eg dekka på det fiiine bordet mitt som dykk ser, og slo til og laga den gode woken. Oh yes. 

Og i tillegg var vi på butikken i sta. Eg skulle pante nokon flaske som eg syntest låg i veien. 7 kr blei det, så eg tenkte eg kunne for ein gong skyld trykke på Røde Kors knappen. Og der vann eg 60 kr!! Woho :D Eg jubla, og Frode såg dumt på meg :p Men etterkvart eg fekk litt dårleg samvit.. Putta på 7 kr og vann 60 kr. tenkte no eg skulle vere fornuftig å gi dei pengar då. Menmen.. På ein annan måte gav det meirsmak ;)

søndag 8. april 2012

Gåve frå Sigrid :)


Påska går fort. Har klipt og farga litt hår, og fredagskveld hadde eg og Sigrid kvalitetstid med mykje snop ;)
Men når eg køyrte utover var det den fine solnedgangen!! Vakkert :)

Eg fekk meg til og med gebursdagsgåve!! Teikna på pakken hadde ho også gjort ;)
(klarte ikkje å snu bilete)


Klokke og ein topp!! :)

Den er opp ned då men.. :p

Tusen takk søstaste Sigrid :)
Har heldigvis fått vore litt i lag med ho denne påska, og Solveig også :)

Tusen takk for ei superfin påske alle sammen :)

fredag 6. april 2012

Photoshoot

Trykk på bileta for å sjå dei større.







Eg er stolt over meg sjølv. Ja eg byrja med det. Ting er ikkje alltid like enkelt å nå. Men no har eg nådd ei av dei høgdene eg har hatt veldig lenge lyst til å nå. Gjekk forbi nervane og berre gjorde det.

Photo:Guro Beitohaugen
Makeup:Bella Leikanger Mork
Hår:Veronica Norvoll Longva
Hvem:Linnéa Myhre

Linnéa Myhre er kjent for sinnabloggern http://www.linniiie.com

Dette var min første photoshoot heilt åleine. Jeanette som eg har vore assistent for ein del var sjuk og spurte om eg kunne gjere det for ho. 1,5 time før shooten var. Alt skjedde så fort at eg rakk ikkje å verte nervøs. Ein del av meg ville trekke meg, men ein annan del(som heldigvis var sterkast) kjente eg brann for dette. Eg er svært glad for at eg gjorde det.



Onsdag: Fotballcup, skodespel og dans


Ane og Eirik


Kvar onsdag i påska er det først fotballcup i Nordøyhallen, så skodespel(eg har sjølv vore med to gongar) og dans på kvelden. Det er ein så utruleg bra start på påska!! 

Etter skodespelet for vi heim til meg på vors :)


Per Olav, Elise, May-Britt og Anna :)



Ane og meg :)



 Solveig, May-Liss, Torbjørn og Marianne :)


Eit bilete frå dansen også. Even, Jonas og meg :)

PÅSKEEGG


No er eg heime på den fine øya mi :) Mamma og pappa er i Tyrkia på ferie, men hadde alikevel pynta til påske til meg ;)
Eg har ikkje sett dei sidan jul, og får nok ikkje sett dei før det er sumar. Eg trur ho har litt dårleg samvit for det, for ho har laga til eit svæææært påskeegg til meg som du ser.





Eit påskeegg fylt med favorittane mine ;)
Takk mamsen :)

søndag 1. april 2012

Overraskelse


På laurdag stod eg med ein kunde då plutseleg May-Liss, mi beste venninde kom inn døra! Eg fekk heilt sjokk, og lurte nesten på om eg såg syner. Har ikkje sett ho sidan jul. Ho har no vore i Egypt i ei vike med to venninder som ho studerar i lag med i Trondheim. Men eg hadde berre tida til å sei hei og om eg kunne ringe ho når eg var ferdig med kunden. Eg hadde endå ein kunde før eg hadde lunch, så eg trippa nesten fordi eg ikkje visste om eg fekk møte ho eller ikkje før ho skulle reise heim til Sunnmøre.

Heldigvis fekk eg møte ho ei lita stund mens vi(eg) åt lunch på Fru Hagen  :)


Fine May-Liss :) No gledar eg meg veeeeldig til å reise heim tirsdagskveld!!! :D