Søk i denne bloggen

torsdag 30. juni 2011

Sigrid, tacohorn, klipping, hjort..


Overskrifta er eit samandrag av det innlegget skal handle om.


Tirsdag skulle eg til Sigrid på besøk, og hadde på førehand fått beskjed om å vere litt svolten.
Ho og Eli hadde laga grove og svært gode tacohorn. Vi prata og kosa oss, før vi tok turen inn til meg for å klippe litt hår. Eg hadde ikkje tenkt så mykje på det, så det vart ein fin kombinasjon av barnekappe og bossekk til å dekke ho. Bilete over.




Så tok vi med Eli og køyrte ein tur til Haram og tilbake. På vegen tilbake begynte det å bli mørkt, men eg køyrer heldigvis veldig sakte på grunn av mykje nervar etter ei bilulykke eg hadde for eit år sidan.. Eg hadde ein bil bak meg som eg hadde sett som eg ville sleppe forbi. Så sikkert akkurat når eg kikar i spegelen så HYLER Sigrid ut(skreiv med store bokstavar for det var veldig høgt), og i det Sigrid hyler trur eg at eg hyler før eg veit kva eg hyler av, men eg såg rompa av ein hjort rett framfor meg og hogde inn bremsa. Hjorten sprang ikkje ut av vegen, men eg trur den vart så forvirra at den sjangla på vegen rett framfor bilen. Og i det eg hadde fått stoppa, kom ein heil flokk av hjortar sprengande over vegen.

Eg er sjeleglad eg ikkje køyrde meir enn cirka 40 på grunn av eg ville sleppe forbi bilen bak meg. Men eg måtte berre stå still ei stund så nervane fekk roe seg ned litt. Eg tenker for meg sjølv om det ikkje er meininga at e skal køyre bil meir? Eg som var så glad i å køyre bil før, og no likar eg det svært dårleg.

Regnboge

Nydelege faragr tatt frå vindauge på stova vår.


Tatt frå Skarleet.

mandag 27. juni 2011

Bilskruing

Du ser rett ja, meg under ein bil og SKRUR! Frode sa eg måtte bli med ned å skru bil, og det var no greit det så lenge eg fekk noko og gjere.

Motoren er skifta og dei har faktisk fått start på bilen også heldigvis. No er det småplukk igjen. Som å skru på forskjellige fester som eg gjor, og fikse noko kjølestyr som ikkje var så enkelt. Vi bytta på å skru den laus for det var så trangt at eg måtte til. Men når vi hadde løyst heile den nesten 1 meter lange aircondition-tingen eller kva det var, så var den fortsatt ikkje laus..


Loff og reker til kvelds... mmMMMmmm....

Giveaway med Sybell!



Bli med på Giveaway med Sybell! :)


Tur til Gamlemsveten


Meg framfor Haramsøya og Longva! Står på Gamlemsveten 709 moh.



På fredag kom eg heim til Sunnmøre på ferie :)
Vi var ein tur ute på byen fredag, og snakka om fjelltur til Gamlemsveten. Søndag var det eit nydeleg vêr, og eg fekk lyst til å gå på fjellet. Eg ringte Heidi og sa at dag skal vi på fjellet.
Eg, Frode, Heidi og søskenbarnet til Heidi brukte til saman tre timar opp og ned.


Utsikt til dei flotte øyane.


Fotball?


Frode, Heidi og Sivert på veg ned igjen.



torsdag 23. juni 2011

Cracked nails

Eg bur for tida med tante, og då får eg prøvd litt av kvart.




Denne gongen har eg fått cracked nails som det heitar. Men det er ikkje vanleg naglelakk som varer i ein dag, men det er stivna i ein LED-lampe så det skal vare i fleire veker. Lakka først med ein basefarge (eg har kvit no), deretter den lilla, hadde på soak of gel topcoat og heldt handa i LED-lampen i 2 minutt for at det skal halde lenge.

Tante og onkel har ei nettside som dei sel desse produkta på, men har ikkje fått lagt inn alle naglelakkane.



Gå inn på http://www.norliner.no/





Her er naglane i 2 minutt i LED-lampen.




søndag 19. juni 2011

Flyttekaos


Longva-mør og Urge er godt å ha i desse tider.

No er eg midt i eit flyttekaos.. Eg har gitt vekk og solgt det meste eg eig på Finn.no, noko som har vore heilt genialt for meg. Det er har igjen er seng, tv, klesstativ, strykebrett, kasser med småting og litt kjøkkenutstyr og kasser med kle og sko. Eg får ikkje pakka ned alt i dag sidan eg skal bu her til onsdag. Onsdag kjem Anders Transport og skal køyre tinga mine til ei bod som eg har fått lånt med ei på jobb. Frå onsdag til fredag skal eg bu med tanta mi, og fredag er det heim på FEEEEEERIIIIEEEEE!!!!!

På biletet over er noko av det eg har gitt vekk. Skrivepulten og lampen var utruleg populære!! Noko eg ikkje hadde trudd! I tillegg har eg gitt vekk kontorstol, oljeovn og teppe.


Slik såg det ut for 5 minutt sidan, men no fekk eg akkurat solgt spisebordet mitt!! Endeleg!



Dette er det eg har solgt :) Så no sit eg på eit teppe glad og fornøgd :)

lørdag 18. juni 2011

VG-lista


I går stod eg og Michaela midt i dette folkehavet. Men det var veldig bra musikk, både kjente og ukjente som spelte.


Her er Gabriella, frå Bergen med sangen: Ring meg. Eg har aldri høyrt sangen før, men det som var kult var at ho var i salongen med Jeanette og ordna seg før showet:)
Og Alejandro Fuentes med.. ein sang.. eg er ikkje så dyktig på titlar.

Her er Lars Vaular, Stella og Veronica Maggio. Det varte frå 20.00-23.00, så eg har berre tatt bilete av dei som syng dei sangane eg likar best.


Og her er bilete av mannen bak den finaste songen... Chris Medina med What are words. Tenk at denne sangen blei kjent gjennom ein video han la ut på youtube med si historie. Han spurte publikum om denne var nr.1 i våra land, og det fekk han bevist når folk sang med han på refrenget.

mandag 13. juni 2011

Trondheim

TRONDHEIM!!!

No reiser May-Liss snart til Rio de Janeiro(Brasil), Buenos Aires(Argentina), Managua(Nicaragua), Las Vegas, Los Angeles, Hawaii (USA) og Beijing(Kina). Faktisk akkurat ei veke til ho og systra reiser frå Gardermoen og blir vekke i 1,5 månad! Og heile turen vann ho på FACEBOOK!!!! Ho spelte på ein Fisherman konkurranse og vann eigentleg til 15 land, men valte ut desse på grunn av tid og pengar.

Difor måtte eg no til Trondheim på besøk før ho reiser avgårde og vi ikkje møtast før i august.


Bilete:





Skoa eg har kjøpt! <3


Eg prøvar å finne meg solbriller...

May-Liss tek situps og et brownies...

I Tyholttårnet! Vi åt god middag og dessert;)


<3

Bilete 1: morosamt.. :p bilete 2: Veske ho har fått med meg frå Tyskland. bilete 3: Kul kork. (Ikkje cola kork)



Fin beskjed eg vakna til i dag. Ho måtte nemleg til skulen for å øve til eksamen.

Finfin helg <3

fredag 10. juni 2011

Trondheim! Min rare dag! :)

No sit eg i Trondheim hjå May-Liss og kosar meg :) Må berre blogge litt om den rare dagen min! :p


Først må eg berre fortelle om dei kule gadgetane eg fann. Som sikkert nokon har sett har det vore ei liste til høgre over 10 innlegg. Det er dei 10 mest leste innlegga på bloggen min. Lista er der enda, flytta den berre lengre ned.

Så har eg funne ein skikkeleg teljar av sidevisningar! Den eg hadde var berre frå ein viss dato. Ganske kult at det har vore over 15000 visningar sidan eg starta å blogge.


SÅ, tilbake til dagen min.


Arbeidsdagen min har vore både bra og ikkje fullt så bra :) Men det rare starta når eg skulle ta t-bana til Oslo S. Ei frå Sunnmøre faktisk(!) spurte meg om hjelp til å kjøpe billett. Så kom det ei dame og spurte om eg hadde ein mobil ho kunne låne for å ringe mannen sin, for datra måtte ha ein paracet og telenornettet var nede. (Trur eg ser litt hjelpsom ut?) hehe.. Men eg svarte dama at eg synest at det var litt skummelt, om ho kunne spør nokon andre først. Ho gjorde det, men alle hadde telenor. Så eg fekk no sett at ho ikkje stakk av med mobilane då, så eg tilbydde meg å låne vekk telefonen. Men dama fekk ikkje tak i mannen sin.

Så skulle ho Sunnmøringen til å gå inn i t-bana, så eg berre: Unnskyld! Det er raskare å ta den her! Men det var flaks for ho, for den andre gjekk berre til Majorstua på grunn av arbeid på linjene! Når vi gjekk av så gjekk eg mot bussterminalen og kom på at det ikkje var den luraste vegen. Ho Sunnmørsjenta kom rett bak, og eg (kanskje ho følte eg var ein innpåsliten sunnmøring..) : Skal du ta fly? Ho: nei, buss (eller tog). Så då var no det rette vegen.

Men når eg stod og venta på flytoget høyrde eg i høgtalarane at buss eller tog til Dombås var kansellert på grunn av flaum i Gudbrandsdalen og at det var ikkje noko erstatning på grunn av at vegane var stengde. Eg trur det var det ho jenta skulle reise med... stakkars jente...

Og forresten, etter at ho dama lånte telefonen min så hadde ikkje eg heller dekning! Gjett om eg fekk rare tankar i hovudet :p

Så kom eg til Gardermoen og flyet var 25 minutt forsinka... Følar at Trondheimsflya alltid er forsinka!

Seinare stod eg i innsjekkinga og såg at ei SAS-dame hadde med seg ei jente som var blind og hadde førarhund med seg. Dei skulle i gjennom ei trang opning der det var eit skilt på eine sida som traff halve fjeset til ho blinde! Utan at SAS-dama fekk det med seg. Stakkars jente...


Når eg kom til Trondheim hadde eg fortsatt ikkje dekning. Så eg fekk ikkje kommunisert med May-Liss verken med sms eller telefonsamtale. Men eg kom meg på facebook av alle ting. Ho kunne då ikkje gå og møte meg i tilfelle ho ikkje fann meg sidan vi hadde kontakt på facebook. Så det vart ei merkeleg kommunisering på facebook. Men eg fann fram til slutt, og vart møtt med pizza, URGE og brownies!!! ;)

God helg!


Ps. Var ikkje dette vel super nynorsk skriving??? Retting av May-Liss :p

torsdag 9. juni 2011

Danselinjens avgangsforestilling 2011


Det er noko av de sjukaste eg har sett av dansing i heile mitt liv!!! Charlotte, ei venninde av meg hadde i dag sin avsluttning i lag med 16 andre på Chat Noir.
Det var ubeskriveleg bra, og Charlotte er og blir best.
Veldig synd det ikkje var lov å ta bilete der inne, men eg trur vi får høyre mykje om Charlotte. Ho er no ferdig på skulen og skal reise til blandt anna Grønland og USA før året er ferdig.

Ho har også dansa på Moods of Norway showet og Sensation white. Eg er stolt av å kjenne ho :D


Inne på Chat Noir! Veldig kosleleg der. Er det her det er Gullruten og slike tv-program?


Malin <3 håpar ho ikkje blir sint for at eg la ut bilete ;)

søndag 5. juni 2011

Visning





I dag har vi hatt visning for leiligheta. Eg stod opp tidleg for å rydde og vaske og vart faktisk tidleg ferdig :) To av tre interesserte også :) Håpar og håpar! Skal flytte inn i nyleiligheta rett etter eg kjem tilbake frå ferie heime på Sunnmøre. Både mamma, pappa, Leon og søste skal hjelpe meg:)

Musikkens dag i Oslo!


Åh, dykk er hærlige! :D Christine og Sara, kollegaer frå jobb!


:) Sola steikar og det er sikkert 30 grader... fantastisk..


Deilig. Med Christine sine store solbriller.. :p


Det var musikkens dag i Oslo og folk strålte i kapp med sola. Det var satt opp scener forskjellige plassar rundt i byen og eg trur det var berre norske band. Du kan lese meir om program og artistar på www.musikkfest.no . Det var foresten arrangert for 20. gong i år.

Eg tok eit glas vin med Sara og Christine etter jobb og det var folk over alt på Grünerløkka. Vi for heim for å dusje og eg skulle møte Christine og Terje igjen. Klokka var da 20.00 og det var fortstatt folk over alt. Trur heile Oslo har vore ute. Alle parkane har vore fulle, nesten ikkje ein grøn flekk å sjå.


Eg hadde god tid før eg skulle møte Christine og Terje så eg prøvde for første gong min oransje neglelakk ;)

Vi var først på Birkelunden og satt i parken og kosa oss med god drikke og live musikk. På bileta her har vi fore ned til Christiania Torg.

Så møtte vi to vennar av Terje og satt oss i parken over Aker brygge. Sjå den fantastiske utsikta!! Har faktisk aldri vore der.


Utruleg koseleg dag.

torsdag 2. juni 2011

Inspirasjon


Det er raud dag i dag.
Eg har surfa mykje i dag på interiør og forskjellig.
Kom over Bonytt inspirasjonsguide: http://www.klikk.no/bolig/bonytt/article652550.ece

Eg har veldig lyst på eit pallebord... Eller noko lignande. Trur e skal prøve å lage noko sjølv når ej skal heim på ferie. Eg har i alle fall bestemt meg at leiligheta mi skal innehalde mykje lyst og kvitt! Ein av grunnane er for at den er er veldig lita, og det lyse og lette kan få det til å verke større. Eg skal ikkje ha noko shabby-chic stil, men ein blanda :) Synest det er veldig spennande med interiør, så eg gleder eg veldig.

Sjekk dei to bada her!!! Heilt fantastisk!


Her er eigentleg veldig typisk min stil.. veldig glad i svart og stilreint.. MEN leiligheta mi skal ikkje innehalde for mykje svart :p