Søk i denne bloggen

torsdag 30. juni 2011

Sigrid, tacohorn, klipping, hjort..


Overskrifta er eit samandrag av det innlegget skal handle om.


Tirsdag skulle eg til Sigrid på besøk, og hadde på førehand fått beskjed om å vere litt svolten.
Ho og Eli hadde laga grove og svært gode tacohorn. Vi prata og kosa oss, før vi tok turen inn til meg for å klippe litt hår. Eg hadde ikkje tenkt så mykje på det, så det vart ein fin kombinasjon av barnekappe og bossekk til å dekke ho. Bilete over.




Så tok vi med Eli og køyrte ein tur til Haram og tilbake. På vegen tilbake begynte det å bli mørkt, men eg køyrer heldigvis veldig sakte på grunn av mykje nervar etter ei bilulykke eg hadde for eit år sidan.. Eg hadde ein bil bak meg som eg hadde sett som eg ville sleppe forbi. Så sikkert akkurat når eg kikar i spegelen så HYLER Sigrid ut(skreiv med store bokstavar for det var veldig høgt), og i det Sigrid hyler trur eg at eg hyler før eg veit kva eg hyler av, men eg såg rompa av ein hjort rett framfor meg og hogde inn bremsa. Hjorten sprang ikkje ut av vegen, men eg trur den vart så forvirra at den sjangla på vegen rett framfor bilen. Og i det eg hadde fått stoppa, kom ein heil flokk av hjortar sprengande over vegen.

Eg er sjeleglad eg ikkje køyrde meir enn cirka 40 på grunn av eg ville sleppe forbi bilen bak meg. Men eg måtte berre stå still ei stund så nervane fekk roe seg ned litt. Eg tenker for meg sjølv om det ikkje er meininga at e skal køyre bil meir? Eg som var så glad i å køyre bil før, og no likar eg det svært dårleg.

Regnboge

Nydelege faragr tatt frå vindauge på stova vår.


Tatt frå Skarleet.

6 kommentarer:

Maya sa...

Må no legge ut bilde ta resultate!! :) Ej e spent! Kjempefine bilde og maten såg god ut!

Veronica sa...

de va berre en stuss :p so de vakje nåkke forskjell :p

Unknown sa...

DRITHJORTA sei ej bæræ! Kaffør må dei sprenge over vejn når dei stend trygt på nejsiå? Idiota.....
Okej, no når ej he fått ut litt frustrasjon so kan ej sei: "So fine farga d va på hinneln" :D

Sigrid sa...

De va en kosla kveld, me unntak av hjorteepisodå:) Og takk for stussn..de gjor sej;)

Veronica sa...

Dissa hjortane e litt domme ja :p unødvendig!!

veldig fine farga på himmeln dinna dagen ja! :)

Randi sa...

No vart eg svolten!:-) Det såg godt ut ja!

Ikkje gi deg med bilkøyringa, dette klarer du så fint atte! :-) PS: Hjortar = driiiit...