Søk i denne bloggen

søndag 14. oktober 2012

Besøk av Ane og avskjedsfest for Michaela


Ane har vore her i helga, og god frukost høyrar med :) Her er det egg og bacon på laurdagsmorgon.


Så køyrde vi til Lillestrøm for å sjå bror til Ane og resten av storbandet frå Ålesund spele på Romerrike Storbandfestival. Han høgste til høgre som spelar trompet med raud skjorte er Pål, broren til Ane :)
Så for vi også på ei lita shoppingrunde på Strømmen storsenter før vi køyrde tilbake til Oslo.
Då var det berre å gjere seg klar til avskjedsfesten til Michaela.

Meg og Ane


Dette er siste helga vi er samla før Michaela flyttar til København.

Sara

 Her er det overrekking av gåve i serie:

Michaela, Christine, meg, Sandra og ein kompis av ein kompis av Michaela.

 Sjå så glad ho blir!! :)



Litt rørt av fine ord frå kollegaer.


Ein god klem

Veldig glad og fornøgd ser det ut som :)

Ho fekk ein rosa bukett og ei klokke:

Tiden går, men minnene består :) 

Glad i deg Michaela

torsdag 11. oktober 2012

NY BIL!!!



HÅHÅHÅ! Ny bil sa du??? Frode har kjøpt ny bil! Har selfølgelig go`ingen, Volvo`n endå, og den skal ingenplass :)


BMW 5-serie 525DA M-Sport 2006

Berre å nyte bileta ;)
















Fin ja??? ;)

tirsdag 9. oktober 2012

Maridalsvatnet og Solemsskogen


Hausten er så fin.
På søndag gjekk eg og Frode søndagstur på 1,4 mil !!!
Frå der eg bur og til Nydalen og oppover til Kjelsås, og vidare til Maridalsvatnet som var målet. Så gjekk vi inn i Solemsskogen. Det var sååå mange fine turvegar der. Trur vi møtte 100-200 stk som var ute denne fine haustdagen. Mange småbarnsfamiliar var ute og grilla, til og med ein gapahuk såg vi :)



Vakre fargar


Maridalsvatnet.


Her var faktisk ein del fiskar!


Så gjekk vi forbi desse fiiine husa på Kjelsås.. Åhh...


onsdag 3. oktober 2012

Oppussing!


Kaaaooos...
Denne helga reiste eg heim for å hjelpe Frode med oppussing. Oppussing av stove og kjøkken sto for tur. Gangen har Frode alle rede tatt, og soverommet skal takast etter kvart. Trur det blir veldig bra!


Jah.. bilete talar vel for seg sjølv..


Kjøkkenet skal lakkerast kvitt og det må velgast ny benkeplate, fliser og vask. 
Ikkje lett...


Å velge farge til stova..var heller ikkje lett. Grå fondvegg skulle det i alle fall vere. Men ikkje for mørk :)


Caffe lattè var frå før. Vi synes at det var litt for mykje rosa i fargen. Og eg har blitt velig glad i kalde fargar. 
Stål heiter den grå fargen vi valte til fondveggen.


Ååååååå, så bra det må bli til slutt :)


Trudde no vi skulle bli ferdige med å måle denne helga. Men flise-kiking, benkeplate-kiking og vaske-kiking tek tid!! I tillegg til øyafest, pappabesøk, fotografmøte, tannlege og kiropraktor så flaug helga forbi. 
Så eg reiste frå Frode i kaoset. halve stova/kjøkkenet umåla og møblane hulter til bulter. Jaja, blir kjekt å kome heim å sjå neste gong;)

tirsdag 2. oktober 2012

Miss Universe


Fredag etter jobb for eg og Kajin for å gjere hår på Miss Universe. 
Veldig gøy! Er så kjekt å gjere litt utanfor berre salongarbeid :)
Mykje glitter og glam og fine jenter:)


 Her fekk eg bilete av ei av modellane (ikkje heilt ferdig)


Søste og Emilie


Forrgie vike var søste på besøk då ho skulle på eit foredrag her i byen.
Då vart det også tid for å møte det nydelige tantebarnet vårt Emilie. Eg hadde lunch på 1,5 time der eg fekk vore litt i lag med dei :) Ho berre veks og veks. Tenk no er ho 1 år og 2 månadar. Bilete under er barnehagebilete. Eg likar å sei at ho er lik meg ;) Men det er no fordi eg tykjar det også då ;) Skjønn er ho i alle fall.