Søk i denne bloggen

søndag 25. desember 2011

Julaftan 2011


Middagsbordet er dekka. Vart veldig fornøgd med dette bilete.
Denne jula var det eg, bror, mamma, pappa, mormor og morfar som var samla.

Veldig mykje pakkar under juletreet. 

Bror og meg

 Mamma og pappa gjer klar maten.

 
Årets julegåver:
Kuffert med klede i frå mamma og pappa + sølv såpehalder
Mobil (Samsung Galaxy W)  og kamera frå Frode
Portofliemappe frå søste
1000 kr frå bror og Leon
Den store lyshaldaren pluss lys frå mormor og morfar
Peng frå farmor
Sjølvstrikka pute og pledd+pengar frå Åse og Svein
Elisabeth Arden sett frå Roy og Britt
Gåverkort på 300,- på Bianco frå May-Liss
Stort kubbelys og sjokolade frå Sigrid
Sitatbok og telyshaldarar frå Ane
Body lotion og body butter + skrubb+bilete av meg og ho, frå Johanna
Sett frå apoteket frå Olga og Tor
Kvitt pledd frå tante Mia og onkel Åge m/fam
Baderomssett frå tante Lollo og onkel Ola m/fam
Gåverkort på Zara frå Kine og David (jobben)

Tusen,tusen,tusen takk for alle gåver!!




søndag 18. desember 2011

Oppe kl.06.00 på ein søndag


I dag var eg oppe 06.00 då eg har vore hårassistent for Jeanette til en photoshoot.
Andre gongen denne veka her, og det er kjekt! :) I dag var det ei jente og ein gut som var modellar.
Eg føhna både jenta og guten :) hihi.. må få med alle detaljar.

Når eg skulle ta bussen heim så var det ei stund til den gjekk. Og det var veldig kaldt ute i dag, så eg lurte på kva eg skulle gjere. Svolten var eg no, så eg tok meg råda til ein bagel og kakao på Bagel O Juice. Er ikkje kvar søndag eg et lunch klokka 11.00. Varm bagel med salat, røkt laks og varm eggerøre. MMmm... Utruleg godt var det. Så eg klarte å gløyme heile bussen. Jaja.. Det var no ein søndags formiddag, så eg fekk site der til neste buss.. :)

No er det handballfinale! Noreg-Frankrike i VM. Spennande :)

fredag 16. desember 2011

Favorittserie!!

 No sit eg å ser på idol og heiar på Jenny :) Men i nyheit- og sportspausene så blir det noko googling på alt muleg.. Mykje hår og foto. Og plutseleg fann eg bileta som eg såg i bladet Dazed and Confused i april. Det er min favorittserie hittil. Det første bilete... er rått.. Eg tenkjar og eg drøymar meg vekk... :)





Veldedighetsdag

Sjå kor fantastisk!!!
Ein søndag i desember kvart år jobbar vi gratis og inntektene går til organisasjonen Sabona.
Sabona er en liten organisasjon som støtter grasrotprosjekter i Zimbabwe. Befolkningen eier sine egne 
prosjekter og målet er hjelp til selvhjelp.

torsdag 15. desember 2011

Søstebesøk i helga


Fredag kom søste på besøk til meg!

Fredagen når eg møtte ho etter jobb starta vi med mat og dessert på Fridays, før vi for vidare til kunstsopning på Kunstnernes hus for å sjå dei nominerte til Statoil`s kunstpris 2011.
Så for vi heim og slappa av litt før vi tok turen ut og møtte Sonja. Vi kosa oss med å fortelje ei laaang historie om at vi var bønder som jobba i gravferdbyrå ved sidan av gardsdrift, og at vi var på julebord i Oslo til to karar som hadde hatt sitt eige lille julebord. Grunnen til at eg har bilete av ei takke, er fordi han fyren plutseleg nevnte noko med ei takke.. Og det vart ein voldsom prat om denne takka. "Må rørast strekninga Haramsøyna-Løvsøyna". Med eller utan kant, og med eller utan kardemomme.. Ja, det var vel veldig internt, men morosamt var det i alle fall.
Laurdagen sov vi ganske lenge sidan det vart litt seint.. Og godt var det. Så snakka vi med Leon(tantebarnet vårt på 4 år) på Skype. Han hadde fått laurdagsgodt og ville gjerne dele.

Så tok vi oss ein tur til Grünerløkka. Der var det Bondens marked. Og der såg vi ein som stod å steikte svele på takke. Då måtte eg selfølgelig ha meg ei svele etter gårsdagens prat.

Eg har då ikkje kaffitrakter heime, for eg drikk ikkje kaffi. Men eg har pulverkaffi! Men hadde ikkje mjølk. Og søste var desperat etter kaffi. Så neste stopp var Fru Hagen der det vart kaffi, kakao, suppe og sandwich.
Litt shopping på Grünerløkka vart det også.


Vi var på butikken og handla. Søste flira og sa eg måtte ta bilete.
Noreg, eit av verdas rikaste land. Smørkrise og panikk. Det er det største problemet.


Eg er ikkje så flink med mat.. Eg synest wok er veldig godt, men eit styr og lage. Så her visar søste meg korleis eg skal lage god wok.

Vår lille julefeiring. Så her blir gåvene frå tante Grethe pakka opp. Blide og fornøgde begge to :)



Søste fekk seg eit svart pledd, og eg fekk klokka som stod høgt på ynskjelista :)



Søndagen hadde vi veldedighetsdag på Toni&Guy. Vi jobbar gratis og alle pengane går til veldedighet. Skal lage eit anna innlegg om det.
Eg klipte då søste og ein kunde til.
Vi møtte Sonja igjen og for på shopping i Bogstadvegen.

Resten av kvelden slappa vi av med snop og julebrus:)

onsdag 7. desember 2011

Vinter?

I dag vakna eg til snøv ute, og desse bileta tok eg på veien til jobb :)
Eg er eigentleg ikkje så glad for at snøven kom. Er så kaldt og glatt på vegane. Men skal innrømme at det er ganske fint :)

Lys i treet :)

Kvitt og eit kaldt lys over heile bilete :)


Vil forresten gratulere mitt kjære søskenbarn Mariann og Arnt Ove som fekk seg ei lita jente som skal heite Madelen 05.12.11 :)

tirsdag 6. desember 2011

Pepparkakehus



Hadde besøk av Ane frå laurdag til søndag! Søndag "laga" vi pepparkakehus. Som knuste cirka 5 gongar.. Bra Ane var så flink å smelte sukker! :)


På god vei! Det var forresten alle rede knust når vi opna pakken..


Ane i aksjon :)

  

Her var første gongen eg knuste det... jaja.. vi flira no godt.

 
Ser du kva som står der?? Dette var no før den veggen også vart knust :p

Men fint vart det no! Vi pynta kvar si takside og Ane si visar her på grunn av ein vegg datt ned når vi var ferdige... hehe.. Gledar meg til å ete !

Vi åt også brownies, is og såg One Tree Hill :) 
Tommel opp!

søndag 4. desember 2011

6 års jubileum


Ein sydentur i lag med deg :)


6 år i lag med deg vennen :) Det er lenge det... Vi har opplevd mykje i lag, og meir blir det. Du har vore og er ei veldig god støtte for meg.
Takk for du er den du er <3


torsdag 1. desember 2011

Årets lærling bileta!!!


I dag er det lov å publisere bileta! Her er mitt bidrag til årets lærling 2012 :) Er ganske fornøgd til at det er min første photoshoot :)