Søk i denne bloggen

onsdag 30. november 2011

Bilete frå jula 2005


Her er bileta av meg, bror og søste for 6 år sidan.. :) 
Eg hugsa mamma fekk julekort med bileta av ungane til vennindene, og det ville ho også gjere ;)
Good times :)

mandag 28. november 2011

Laurdagen


Laurdagen starta med juleshopping i lag med Carina og Johanna på Storo senteret. Koseleg, men myykje folk..

Så var det vinkveld med Aileen :) 


Meg og Johanna :)

Aileen og Celine(til venstre) går makeup på Art Complexion og fekk då praktisere dette i kveld ;) Her er det Elin som er modell.

Her er eg modell for Aileen.. hehe..

Meg og Aileen etter sminkinga.

Meg og Johanna når vi skulle ut.
Elin og Celine er ikkje med ansikt då eg ikkje har spurt om tillatelse:)
Men hadde det faktisk veldig kjekt ute på Majorstua :)

Kva har eg gjort i det siste..


Eg har sett Twilight i lag med Aileen! Her er ho med kaffien sin utanfor Colosseum kino. Vi var i sal 1 som er den største kinosalen i Noreg!
Er litt satt ut av at folk kan sitje å kline på kino. Eg skjønar ikkje heilt poenget. Då er det vel betre å spare pengane og vente til den kjem på film å sjå den heime.. Men det var mi meining :)

Eg er eigentleg ikkje så superglad i overnaturlege filmar, men Twilight likar eg. Den tredje filmen var litt forvirrande, men ellers har eg likt filmane. Og den siste no var best :)

Aileen og kjærasten var forresten og såg på Varg Veum når premiera på Twilight var, og bumpa rett på "mora til Edward" som gjekk ut av ein maxitaxi. Folk hadde stått der i maange timar for å få sjå ho, og dei berre gjekk der heilt tilfeldig. Så dei haldt på å bli sprunge ned. Er ikkje greit å vere superfan!

onsdag 23. november 2011

ØNSKELISTE

 (trykk på bileta for større)
Eg drøymar meg vekk og ynskjer meg ting :) ja, for det er vel lov til jul? 
Sjølv om eg eigenteg har fått den største julegåva... :) Eg skal til London og ta fagprøva mi i slutten av januar og vere der i to månadar :)

Portfoliemappe
Skibriller
Jefferey Campbell sko, eller Jenny Skavland sko:p
Kamera
Peng
Gavekort på klesbutikka eller DNA då eg ynskjer meg Nike Shox.



Snacks skål
Puter
Grå eller lilla lys
Alpinhjelm
Klokke frå Kremmerhuset eller Bohus

Mellomstor kuffert
Eight hour krem
Headset

mandag 21. november 2011

Besøk av foreldre og favorittguten min!

 Godguten min!!! Her var han litt tøysete, og ville ikkje bli tatt bilete av.. :)
Mamma,pappa og Leon på besøk. Dei har køyrt hit, og dei starta i 12-tida i dag igjen og køyre heim.
 Desse bileta har eg tatt frå altanen min i 5.etasje ned på leikeplassen. Han måtte no leike litt før dei skulle fare sa han!

 Leon er ein utruleg god gut. Eg har ikkje sett han sidan sumaren utanom Skype. Det første han sa til meg når eg møtte han var: "Så fine du e tante!" :)


 Leon vinkar og seier hadet :)

Kurs på Loreal akademiet

Toni&Guy har mange kurs for frisørar i Noreg. I helga var til dømes eit, og vi får sjå på om vi vil. Det er veldig lærerikt sidan vi ikkje får så ofte sjå korleis frisørane klippar og fargar. Og i alle fall ikkje at dei fortel kva dei gjer. Det er ei stund sidans sist, så det var veldig kjekt og lærerikt å få med seg dette kurset. 
 Klipp,farge og oppsett i inspirasjon frå den nye Toni&Guy kolleksjonen Alignment.


lørdag 19. november 2011

Det nærmar seg jul.. I alle fall i byen.


I går var eg nedi byen og møtte Frode. Eg har ikkje vore nedi byen sidan Cup-finalehelga, og då var det ikkje jul. No derimot, då var det verkeeg jul i byen! Tok eit bilete av eit vindauge på Steen&Strøm.
Synest jula nærmar seg frykteleg fort.. Tida har ikkje gått så fort før.

onsdag 16. november 2011

Kurs om inspirasjon frå den nye kollekjonen ALIGNMENT

 Slik såg ho ut før vi begynte.

Undervegs :) Har bådeklipt og farga. Har brukt ein "dipping-teknikk" :)


Slik vart ho! Ganske spenstige fargar! Den er eigentleg lysande kopar, ikkje raud som det ser ut som på bilete..


søndag 13. november 2011

SøndagsMyyyys med Johanna och Michaela

I dag gjekk eg heima i frå cirka kvart over tre, møtte Johanna og gjekk vidare til Michaela. Vi brukte cirka 50 minutt på ein frisk tur.
På turen var det ein veeldig høg flylyd som var veldig skremmande. Kom fleire gongar, og det var så nært, men såg ingenting.
Klipp frå VG:  

Ifølge Tor Grøttum, operasjonsleder i Oslo politidistrikt, var jagerflyene over Oslo i forbindelse med en markering.
- Det er en overflyvning i forbindelse med 200-årsjubileet til Universitetet i Oslo, sier Grøttum til VG Nett.
Politiet tok kontakt med forsvaret etter de hadde mottatt en rekke henvendelser fra publikum like etter at jagerflyene hadde passert hovedstaden i svært lav høyde.
Ifølge John Espen Lien, kommunikasjonssjef i forsvaret, fløy F-16 flyene over universitetet med høyde på 500 meter.
- Dette er godt over den nedre grensen for hvor lavt man kan fly over tettbebygd strøk, sier Lien.


Så tilbake om kosen ved Michaela. Ho hadde laga brownies til vi kom!! Åh, det er noko av det beste eg veit! MMmmmMMm... Og for å ikkje gløyme gløggen, som Johanna visst hadde bestilt ;) Ooog ho hadde laga eplechips som vi fekk smake på. Sunt og godt! Stekte epleskiver med kanel og ingefær. I tillegg hadde eg og Johanna med klementinar og pepperkakar.
Så såg vi Bridesmaids :)

Michaela :)

Eg og Johanna :)

Meg med gløgg! hihi..

Laurdasgkos

I går hadde eg besøk av Johanna, Elin, Jannicke og Inga :) Vi såg siste tredje filmen i Twilight, då den siste kjem på kino neste helg! Så då må vi vere klare ;)
Såg også kven som vann i "Skal vi danse", og pirat-dansen til Atle og Marianne(?) var råkul! Verdige vinnarar :)

Her testa vi sjølvutløysar! haha..

I dag skal eg seinare på gløgg(?) og pepperkakekos med Michaela :)

lørdag 12. november 2011

Hallå alle sammen!


På kjøleskapsdøra vår på jobb ;)
Ha en fin lørdag!

fredag 11. november 2011

AaFK-Brann Cupfinalen, og filma av Aftenposten





Ein kul film frå Kråmyra-teltet! :D

Cupfinale-helga  4.-6. november! Henger litt etter, men eg må no skrive om dei store høgdepunkta :D 
Eg hadde besøk av både Frode og Ane, og vi kosa oss heile helga :) 
Fredagen gjekk vi tre og Karoline berre ein tur i byen for å sjå på AaFK-livet. Vi gjekk ned til Rådhusplassen og kikka på der AaFK haldt til, og rusla gjennom Karl Johans gate der vi vart stoppa av Aftenposten.
Det har vore mykje voltekter i Oslo i det siste, og det var dette temaet dei ville snakke om. Det er mange som har blitt natteravner, og eg synest det er svært bra. Det kan du sjå i videon der eg snakkar!! :)
Vil også takke sjefen vår på salongen for voldsalarmen vi har fått. 
Videoen på aftenposten.no:



 Tilbake til laurdagen.. Eg, Frode, Ane og Karoline for til byen på hotellet til Preben og Peter og kosa oss. Seinare for vi ned til Kråmyra-teltet der det var myykje liv! :) Første videoen er der i frå, og dei to bileta nedom :) Kven dei to på det første biletet er veit ikkje eg, men på bilete nr. 2 er Ane :)




 

Søndagen satt vi spente i sofaen min og følgde med kampen. Ålesund spelte veldig bra, og VANN :D
Bilete over er tatt frå altanen min der vi ser røyken av rakettane på Ullevål stadion!

Stor jubel :D


Fann også ut at eg har ein øying til nabo denne helga! Morosamt :)
Flott helg :)

torsdag 10. november 2011

Hår 2011 i Ålesund


No er eg tilbake! Har hatt meg ei lita pause her i frå, for dagane har gått i ett. Tida flyg avgårde.
Helga 28.-30. oktober var eg i Ålesund på Hår 2011 og kikka. Der det er konkurransar i dame oppsett, dame fristil, herre fristil og brud. Bilete over er vinnaren av dame oppsett.

Dette trur eg var 2.plass dame oppsett.

Ein artig oppsett!

 Herre fristil vinnar.

Mi kjære venninde Heidi har gjort denne fine modellen. Lærling brud 2.plass! :) Er stolt av ho :)
Ho laga kjolen sjølv også. "Sløret" er laga av papir.

Vinnar av brud