Ja endeleg er første "skuledag" over.
Den har vore både grusom og bra faktisk.
Alle er i frå England. Og meg, med den supre engelsken(ironi) synes eg det var heilt forferdeleg. Kunne i alle fall ønske det var en til som ikkje var frå England. Men, men.
Vi hadde informasjon frå 0900-1300, lunch 1300-1400 og klipping 1400-1730.
Han som som ga informasjon snakka heldigvis tydeleg engelsk, og eg fekk med meg det meste(trur eg). Har ikkje skjønt heilt systemet endå med modellar. Lunchen var saman med Kaja og kjærasten, og klipp i 3,5 time!! Har aldri klipt så lenge før :p
Læraren vi hadde i dag var SUPER! Alle som har skremt meg slik med at dei er så strenge. Jaja, han er jo sikkert den snillaste då :) Det er berre å sjå på vurderinga ;) hihi..
Og kunden min kyssa og klemte meg, spurte om eg hadde fått ordna med vaskemaskina så eg fekk vaske klede, sa eg måtte passe meg, trur ho fekk ein voldsom morsfølelse der ho satt :p jaja.. koseleg det.
Var forresten på kino i går med Kaja og Nicolai og såg Haywire. Ei dame som for rundt og drap folk.. Lite snakking, mykje springing. rett og slett. Ikkje anbefalt.
No er det natta. Håpar på ein god dag i morgon.
4 kommentarer:
Det gjeng nok sej t Veronica! :) Du kjem t å storkose dej! Lykke til og nyt det!
klem
Du e no bra flenk! :) De gjeng sej te ettekvart ja :)
Så gøy å lese! Kos deg masse, og hils Kaja og Nicolai:-)
Ikkje verst å få bæræ "good" å "very good" på første skuledag! Flinkis :)
Legg inn en kommentar