Søk i denne bloggen

søndag 4. november 2012

Tilbake i London

Då er eg tilbake i London. Det er valdig rart å vere her igjen, då eg "budde" her i 2 månadar, for 7,5 månad sidan. Tida går så utruleg fort.

Eg bur på same plassen, men denne gongen skal eg berre vere her i 4 dagar på kurs. Advanced kurs frå den nye kolleksjonen til Toni&Guy. Litt kjedelig å vere her åleine, men dagane går nok fort då kurset varar til 18,19 på kveldane.

No sit eg nede i matsalen og ventar på rommet mitt som skal vere klart klokka 14.00. Mimrar med å sjå på bileta frå då eg "budde" her, ikkje mindre enn 719 bilete ;) Etterpå tenker eg å ta turen til Westfield for å sjå på julegåver :) Så blir det å gå i gatene dei andre dagane då det forhåpentlegvis ikkje regnar, som i dag..


Ingen kommentarer: