Søk i denne bloggen

søndag 22. juli 2012

Dag 3 - Overskya, La Sagrada Familia, gåing


I går var det overskya, og det blei ingen soling denne dagen. Så da tok vi t-bana opp til La Sagrada Familia, som er den store kyrkja som skal vere ferdig i 2026! Køa var rundt heile kyrkja... Sikkert *2 også... Det var heilt sjukt. Trur ikkje juli er den beste månaden for å få sjå ting i denne byen.


Den er svær!!! Og vakker...


Så da tenkte vi (eg) at vi kunne finne det store kjøpesenteret som skal vere i byen. Vi visste cirka kvar det var og Frode hadde GPS på mobilen så han foreslo at vi skulle gå. Frode likar ikkje å vere med på bilete, så då må eg ta bilete når han ikkje veit det sei han ;)


Vi gjekk, og gjekk og gjekk.. Plutseleg kjente eg meg igjen, og det viste seg at oss hadde køyrt med guidingbussen forbi, og rett nedom lå Gaudi museumet. Der var det også evig med kø som var berre å gløyme. Så gjekk vi vidare nedover og plutseleg...


..dukka ein Stokke butikk opp! Stokke.. det er no norskt! Ikkje mist, Sunnmørskt! Eg har no vore på omvisning i fabrikken! Og no vart det googling, og det visar seg at dei er i ca. 53 land! Wow.. Imponerande.


Vi gjekk så vidare ned til gata La rambla, men der var no ingenting anna enn ei enorm folkemenge og mange boder. Så når vi kom ned til Comombus-statua vi tok t-bana heim.


Mobilspel er greit å ha når ein ventar ;)


Men eg var no klar :)



Vi oppdaga eit område som vi ikkje hadde vore på før, som var i grunn mykje nærmare enn byen frå hotellet. 


Strandpromenaden.


Frode kjøpe seg eplekake og eg ein dessert; 5 sjokoladebitar. Finn 1 feil..;)


Og forresten så var ikkje kjøpesenteret der vi trudde.. Og folk sa forskjellig ting. No har vi googla, og vi var i rett gate, men gata går gjennom heile byen.. Så vi var ca. midt på og den er laangt østover. Måndag kanskje ;)

Ingen kommentarer: