Eg fekk meg langfri 17.mai helga og fekk fare heim til mine kjente og kjære :)
17. mai var eg og Frode berre i Ålesund sidan det var dårleg vèr likevel. Gjekk oss ein tur bort til byen i 12 tida, men då møtte vi veldig mykje folk som var på veg heim. Lite liv i gatene, men alle restauranter og cafèar var fulle. Gjekk ikkje lange tida før vi rusla heim.
Fredag skulle Frode på jobb på øya, og eg blei med utover. Der rakk eg å sjå og prate med papsen ein halv time(lunch og venting) før han for på jobb igjen. Fekk også sjå Sigrid igjen som var veldig koseleg :)
Vidare til Ålesund igjen, og ut på byen var på programmet. Moa først der vi møtte Hedi <3 det var lenge sidan det. Heldigvis skulle ho bli med oss ut denne kvelden.
Eg har ikkje sett Heidi sidan før jul ein gong, og det var supert å vere i lag med ho igjen :)
Vors med meg og Frode. Heidi, Even, Henrik, Aleks og Demir var med oss :) Supre vennane :) Kjempekjekk kveld ute på byen :)
Aleks, Frode og Demir :)
Laurdag skulle Roy(bror til Frode) og Britt(dama) feire 30-års dag :) Så då var det atter ein festdag! Kjempekjekt det òg :)
Søndag var det strålande ver og motorsykkelens dag i Ålesund. Årets første softis vart eten og tur på kaia der dei fine bileta heilt oppe vart tatt :)
Måndag var eg på Borgud og haldt kurs(?) med føhning. Alltid kjekt å besøke dei :)
Avslutta Ålesund-turen med besøk til farmor der vi fekk lufta oss litt, og vidare til Mariann og Madelèn :)
Fekk gjort veldig mykje desse dagane! Super helg :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar