Søk i denne bloggen

onsdag 7. mars 2012

Christine på besøk


 Fredagskveld kom kjære Christine mi på besøk :) Ho jobbar også på T&G og skal mest sannsynleg hit til London sjølv ein dag :)
Vi har storkosa oss, og nesten fått gjort alt vi tenkte.. :)
Fredagskveld når ho kom, gjekk vi å tok oss eit glas vin nede i den lokale gata her. Såååå godt å sjå ho igjen!! :)

Laurdagen var vi på Brick Lane heile dagen. Det var sol, shopping, god mat og drikke :) 

Søndagen regna det ute, så vi var ikkje så gira på å komme oss fort ut. Så Christine farga håret mitt. Noko som var utrulg deilig!! :) 
Vi skulle eigentleg på Tate Modern museumet, men vi rakk det ikkje sidan det stengte 18.00.
I staden for vi til Covent Garden og rusla. Eg skulle finne Fridays restauranten. Som eg har funne lett før. Men det endte med at oss gjekk rundt heile Covent Garden! Men flott var no det (sjølv om det regna). Ei rekke med telefonkioskar, balletthuset, der vi skal på Shrek musikalen, og Toni&Guy salongar fekk vi no sjå på runda ;)




Etter maten var vi på Covent Garden markedet og kjøpte oss DEN gode dougnuten!!! MMMmmmMmm....

Så lurte vi på kva vi skulle finne på vidare i regnet.. KINO selfølgeleg. 

Safe House såg vi. Utruleg bra film! Action film som var utruleg spennande og skummel heile vegen :)


 Og sjekk den svææære kinosalen! Den var like stor bak oss som det som syner på bilete også.







Måndagen møtte eg Christine i lunchen, og tok ho med inn på akademiet sidan ho ynskja seg ein klipp, og eg trengte ein modell ;) Klipp fekk ho, og tidlegare fekk eg gå sidan eg hadde besøk :)
Vi tenkte å prøve ein svipptur ned til Tate museumet, men det var lengre enn vi trudde så det rakk ikkje oss. Så tok vi oss ein busstur og hoppa av der vi ville ete middag. Og det fantastiske bilete eg fekk frå bussturen! London Eye med Big Ben inni!


Vi hoppa av på Picadilly Cirkus, og endte i Chinatown :) Rett i lag med norskar frå Vigra. haha.. typisk.


Avslutta kvelden med it glas vin på ein superkoseleg spansk plass:)


Og forresten... Eg er glad i cookies...brownies...muffins...sjokoladekake.. som det har blitt litt for mykje av :p men eg kosar meg ;)
Og Christine satt igjen to kakestykker og ein muffins!!!!!! hehe... men tusen takk:) det var godt ;)



Tusen takk for at du kom Christine!! Satt veldig stor pris på det, og eg har kosa meg supermykje.
Ser deg snaaart :D

4 kommentarer:

Unknown sa...

Såg ut som d va kosla me besøk! Vikti d når an e sopass lenge i utlande :D

D he blitt litt mykje søtsaker på mej mæ i d siste, so idag he ej totalforbud på alt søtt bæræ for å sjå prøve å avvenne mej litt :) Å no e kl.13.32 å ej he SJIKLA løst på et eller anna..hehe.. Men ej ska stay strong ;)

Sigrid sa...

Eitt spm: va DU sta å såg en skummel film på kino?! Du so bruka å brånekte på å sjå skumle filma la me mej:p hmm.. Men de såg ut so dåkke kosa dåkke!:) Og de e he løv me godsaker når du e ute på reise ;)

Veronica sa...

Sonja: Veldig kosli me besøk:):)
Å de e no so gøtt me ditta søte sjokoladegreierne :D hihi.. Du va flenk visst du haldt dej ;)

Sigrid: De va ikkje SKUMMEL film:p de va ACTION so va spennande og litt skummel ;) action lika ej ;)

Unknown sa...

Oppdatering på godtegreiå: Klarte å ikkje ha i mej nåkke sukker i løpe ta torsdagen å gårsdagen, so idag ska ej feire me smågodt ;)