Søk i denne bloggen

mandag 26. mars 2012

Vafledagen (i går)

 

Michaela hadde visst blogga! Så da stjal eg bileta hennar :)
I går var eg først på kurs som folk frå våre salongar held for andre frisørar rundt i Noreg.
Då vart eg invitert på vaflar med Michaela og Malin :) Det var godt :D Vi satt i "vinterhagen" og vindauga på vidt gap og fekk litt sol på oss ;)


Strålande vêr, og full fart.

Vakkert bilete, ikkje sant?
Prøvde å ta bilete av meg sjølv i sola her ein dag :p

Det er nydeleg vêr for tida. Trur i grunn det har vore det sidan eg kom heim.
No jobbar eg som frisør, og dagane flyg avgårde. Eg var veldig, veldig nervøs i byrjinga, men no byrjar det å kome seg.
Fredag og laurdag hadde eg faktisk fulle lister, og de var veldig gøy :) 
Eg har også byrja å jobbe ein dag i vika i den andre salongen.



 Ellers er ikkje det så mykje nytt.. Tok bilete av blokkene som har poppa opp mens eg har vore vekke. 
5 blokkar på to månadar!


mandag 19. mars 2012

Skoskap

Hei og hopp! Litt av eit arbeid eg har gjort ja!! ;)
Eg har lenge ynskja meg eit skoskap, men økonomien har sagt nei.
På laurdag skulle eg finne ei pute og kom over dette høge skoskapet som var på tilbod. Det kosta 400 kr og er 153cm høgt(nesten like høgt som meg då eg er 165cm), 75cm breidt og 17 cm djupt. Og det vegde heile 25,5 kg!!! Smeise det var tungt å få det med seg til bussen. Frå bussen og ned igjen fekk eg heldigvis hjelp av ein nabo :D Kjekke naboar er godt å ha :)

4 bur.

Her er det feerdig :):) Passa godt i gangen min ja :) Og no får alle London-skoa seg også ein plass ;)

søndag 18. mars 2012

Nye puter!

Nye pute! Dei skiller seg litt ut da men.. Trenger litt fargar ;)

Denne rosa sykkelen likte eg veldig godt. 

Og så måtte eg ha eit godt minne i leiligheta mi :) hihi..

Og denne er kjøpt på Kremmerhuset. 
Det som står er: woudn`t life be perfect if sweatpants where sexy
mondays where fun
junk food didn`t make you fat,
girls didn`t use so much drama
guys wheren`t so confusing
and goodbyes only means until toorrow.

Men den er eigentleg litt for kvit for å vere i samlinga mi... :)

Tate Modern


Fredag hadde eg fri før eg skulle reise heim. Og sida eg ikkje har klart å putta turen til Tate Modern museumet, så blei det denne dagen. Det var utruleg stort, og noko å sjå for ein kvar smak.
Trykk gjerne på bileta for å lese. Desse fanga meg mest.



Her er det "bøker" om du ser nærmare.



Children



Dette er oppi taket. Sjå godt etter. Her var det detaljar.










Alt var gratis, utanom denne utstillinga som eg fekk anbefalt. Ei Japansk dame som heitar

The nine decades of Yayoi Kusama’s life have taken her from rural Japan to the New York art scene to contemporary Tokyo, in a career in which she has continuously innovated and re-invented her style. Well known for hr repeating dot patterns, her art encompasses an astonishing variety of media, including painting, drawing, sculpture, film, performance and immersive installation. It ranges from works on paper featuring intense semi-abstract imagery, to soft sculpture known as ‘Accumulations’, to her ‘Infinity Net’ paintings, made up of carefully repeated arcs of paint built up into large patterns. Since 1977 Kusama has lived voluntarily in a psychiatric institution, and much of her work has been marked with obsessiveness and a desire to escape from psychological trauma. In an attempt to share her experiences, she creates installations that immerse the viewer in her obsessively charged vision of endless dots and nets or infinitely mirrored space.
At the centre of the art world in the 1960s, she came into contact with artists including Donald Judd, Andy Warhol, Joseph Cornell and Claes Oldenburg, influencing many along the way. She has traded on her identity as an ‘outsider’ in many contexts – as a female artist in a male-dominated society, as a Japanese person in the Western art world, and as a victim of her own neurotic and obsessional symptoms. After achieving fame and notoriety with groundbreaking art happenings and events, she returned to her country of birth and is now Japan's most prominent contemporary artist.
This is a varied, spectacular exhibition of a truly unique artist. There has never been an exhibition of this size of her work in the UK and this is an unmissable opportunity for both Kusama fans and those new to her work.
Supported by Louis Vuitton with additional support from The Yayoi Kusama Exhibition Supporters Group and Tate International Council
Media Partner: Time Out
 

Og til slutt eit bilete tatt i frå kafèen :)

fredag 16. mars 2012

Siste innlegg i London trur eg


No må eg kjappe meg her. Berre ein time til eg skal vere ute av rommet!!
Tok med eit fint bilete av hagen her ein dag sola skein så fint.

Det er heilt rart at eg skal reise heim i dag, og at eg har vore her i to månadar. 
Sååå mykje som eg lært og opplevd!!! Amazing... :) Eg er så utruleg takknemleg for at eg har fått opplevd dette, og fått vore på verdens største og  beste frisør"skule" akademi. Det er heilt utruleg. Lært av dei største som gjer London Fashion week 2 gongar i året og vinnarar av British Awards i haugevis.
Eg er stolt.

Michaela var her på kurs frå måndag(kom søndag) til onsdag. Eg var også på det samme kurset, så eg har fått med advanced-kurs diplom også :D
Vi har shoppa og shoppa og vore på Shrek musikal.
Berre kosa oss :)


Veldig glad for at eg har møtt så mange nye og koselege folk, og ikkje minst dei som har besøkt meg :)
Og takk for all støtte på facebook, og dei som har fylgt meg her :)

hihi.. vart ein liten takketale :)

No skal eg vere ute av rommet innan ein time.. og rett på Tate Modern museumet :)

Kaker


 Flotte kaker i Oxford!!


På søndag er det morsdag her i England.

torsdag 15. mars 2012

Turen til Oxford


Oxford var og er fantastisk.. 
6-7 år sidan.. eg fekk nokon minner tilbake. 

Eg kom seint fredagskveld til Oxford med bussen, og Edward henta meg med sin lille Lotus. Det var som å køyre(sete på) Gokart!


Laurdagen starta med ein stor klem av alle tre ungane, og så spente for at eg var der. 

Så tok vi turen inn til den fine byen.


Vi starta faktisk først på eit marked, med mykje forskjellig mat og snop. Der kjøpte eg og ungane oss milkshake. Og eg har aldri sett ei så lang liste for ting du kan ha i milkshaken din. Det var alt i fra sjokolade, til marsmellows og sweathearts til dougnuts og kaker. Ikkje skjønar eg at det kan vere godt.

Og Andrea(mor til ungane) hadde stått i Ben`s cookies kø mens oss var i milkshake kø. Og verkeleg, DEI cookies`ane.... Eg hadde eit lite mål om å finne den beste cookie`en... Og det trur eg at eg gjor. NAM seiar eg berre.


Så gjekk vi inn på eit college for å kikke. Det er så utruleg fint. Vi var innom mange når eg var der på språkreise også, men det er alltid like mykje fint å sjå.


Der inne og under bakken i eit veldig stort område er eit veldig stor bibliotek. Det er kun studentar som har lov å vere der, og det er ikkje lov å låne med seg bøker ut av biblioteket. Det er mange bokskattar som gøymer eg i dette biblioteket. Det er ikkje så mange bibliotek som er slik, og Edward fortalde meg kva det heitte, men eg hugsar det ikkje.


Vi gjekk tur i college-parken. Og det er ikkje små parkar, men gigantiske. Bak den muren på venstre side er det kjempemange hjortar. Kvifor dei er innebura der veit ikkje eg.


Vi tok kjempemange fine bilete.


På det første bilete er det bilete av Punting. Det gjorde eg når eg var der sist. Så det var det første sterke minnet :) det er sååå fint :)

fredag 9. mars 2012

1 vike igjen! Og tur til Oxford


I dag er det akkurat ei vike igjen til eg reiser heim til Oslo.
Eg har nesten fått sendt alle postkort.. hehe.. og eg startar å sjå fram til å komme tilbake til Oslo å jobbe som stylist/frisør. Eg gruar meg veldig til begynnelsen, men håpar det går seg fort til.

Søndag kjem også Michaela frå salongen og skal vere her på kurs i tre dagar. Eg skal faktisk vere på det same kurset, så det blir kjekt :)

No skal eg til å reise til Oxford. Det blir veldig spennande.
For cirka 13 år sidan når søste og kjærasten ho hadde då var på jorda rundt reise møtte dei eit par frå Oxford som dei kom godt overens med og haldt kontakta.
Paret frå Oxford har også vore på den lille øya eg er i frå og besøkt familien vår.
For 7 år sidan når eg var på språkreise i Oxford i tre viker, besøkte eg desse som hadde blitt ein familie. Ein familie på fem :) Hugsar minste jenta var 1 eller 2 år.. Og gutane var vel 5 og 7 eller noko. 7 år sidan.. Det blir spennande og treffe dei igjen.


onsdag 7. mars 2012

Christine på besøk


 Fredagskveld kom kjære Christine mi på besøk :) Ho jobbar også på T&G og skal mest sannsynleg hit til London sjølv ein dag :)
Vi har storkosa oss, og nesten fått gjort alt vi tenkte.. :)
Fredagskveld når ho kom, gjekk vi å tok oss eit glas vin nede i den lokale gata her. Såååå godt å sjå ho igjen!! :)

Laurdagen var vi på Brick Lane heile dagen. Det var sol, shopping, god mat og drikke :) 

Søndagen regna det ute, så vi var ikkje så gira på å komme oss fort ut. Så Christine farga håret mitt. Noko som var utrulg deilig!! :) 
Vi skulle eigentleg på Tate Modern museumet, men vi rakk det ikkje sidan det stengte 18.00.
I staden for vi til Covent Garden og rusla. Eg skulle finne Fridays restauranten. Som eg har funne lett før. Men det endte med at oss gjekk rundt heile Covent Garden! Men flott var no det (sjølv om det regna). Ei rekke med telefonkioskar, balletthuset, der vi skal på Shrek musikalen, og Toni&Guy salongar fekk vi no sjå på runda ;)




Etter maten var vi på Covent Garden markedet og kjøpte oss DEN gode dougnuten!!! MMMmmmMmm....

Så lurte vi på kva vi skulle finne på vidare i regnet.. KINO selfølgeleg. 

Safe House såg vi. Utruleg bra film! Action film som var utruleg spennande og skummel heile vegen :)


 Og sjekk den svææære kinosalen! Den var like stor bak oss som det som syner på bilete også.







Måndagen møtte eg Christine i lunchen, og tok ho med inn på akademiet sidan ho ynskja seg ein klipp, og eg trengte ein modell ;) Klipp fekk ho, og tidlegare fekk eg gå sidan eg hadde besøk :)
Vi tenkte å prøve ein svipptur ned til Tate museumet, men det var lengre enn vi trudde så det rakk ikkje oss. Så tok vi oss ein busstur og hoppa av der vi ville ete middag. Og det fantastiske bilete eg fekk frå bussturen! London Eye med Big Ben inni!


Vi hoppa av på Picadilly Cirkus, og endte i Chinatown :) Rett i lag med norskar frå Vigra. haha.. typisk.


Avslutta kvelden med it glas vin på ein superkoseleg spansk plass:)


Og forresten... Eg er glad i cookies...brownies...muffins...sjokoladekake.. som det har blitt litt for mykje av :p men eg kosar meg ;)
Og Christine satt igjen to kakestykker og ein muffins!!!!!! hehe... men tusen takk:) det var godt ;)



Tusen takk for at du kom Christine!! Satt veldig stor pris på det, og eg har kosa meg supermykje.
Ser deg snaaart :D

mandag 5. mars 2012