Søk i denne bloggen

torsdag 25. august 2011

Reklame for Steen&Strøm

(Det er ikkje denne vi har gjort. Dette var vårkatalogen.)

I dag stod eg opp 06.30(noko som er uvant for meg sidan vi startar 10.00) og for ned og møtte Jeanette. Vi tok taxi til Steen&Strøm for å gjere ein moteserie i ein katalog for dei :)

Vi gjorde hår og makeup på 4 herremodellar som viste haustmotar. Det skulle ver tre forskjellige bilete, med tre forskjellige "lookar". Eg fekk berre med meg den første shooten, fordi eg måtte tilbake på jobb. Den første shooten var nedi i varemottaket! Det er ein utruleg stilig kontrast med så fine og stilreine klede med grå mur som bakgrunn. Eg tok også bilete med mobilen, men kan ikkje vise dei før katalogen kjem ut i september ein gong. Då legg eg ut bilete :)

1 kommentar:

Unknown sa...

So spennande :D Gle mej t å sjå!