Søk i denne bloggen

onsdag 31. august 2011

Japansk besøk!

Minako kom søndagskveld frå ein 17 timers flytur frå Japan til Noreg.

 Ho er kunstner, og ei venninde av systera mi, Terese. Dei begge er kunstnarar som har reist rundt i verda og arbeidar med sine prosjekt. Minako hadde også eit prosjekt da ho var her, og det var vel derfor ho stoppa i Oslo før ho for til ein stad utanfor Bergen for å jobbe i stillheit med kunsten sin i eige studio. 


Her er gåvene eg fekk med ho: ein japansk klut, som japnarar alltid går med i veska forstod eg det som. Så var det ei historie om kanina og månen.. les meir om den på http://en.wikipedia.org/wiki/Moon_rabbit . Men det er i alle fall laga av eit spesielt sukker. Det smeltar på tunga sa ho, og smakar litt rart.
Og norsk heimelaga sjokolade hadde ho kjøpt til meg:)

Besøk den fine heimesida til Minako: www.minakoshirakura.com





3 kommentarer:

Terese Longva sa...

Ahhhh, Minako-san et Veronica sine pannekaker. Det ser ut som ho kosar seg. Herla Veronica, det er nok ikkje kvar dag ho hiv innpå akkurat det (ho har nok testa ut Amerikanske Pancakes før, men dei er tjukke, dynka i maplesirup og blir inntatt til frukost...då smakar no det meste annaleis). Ho skal ha eit foredrag i Bergen i november. Kom å høyr/sjå!!! Ja, takk begge deler....

Veronica sa...

ja ho likte dei :D men dei adde faktisk pannekake i Japan også! men så tjukke som kaker!

Unknown sa...

Ojojoj, spennande me eksotisk gåve då :D