Søk i denne bloggen

fredag 22. juli 2011

God hjelp av flott besøk


Utruleg koseleg bilete av nesten heile familien min som har vore med på heile overtagelsen av den nye leiligheta mi. Terese (søstera mi), Leon (tanteungen min, son til broren min), pappa og mamma. Bror kom innom på besøk tirsdag før han reiste på jobb til Nederland. Søstera mi kom heim frå si 3 månaders reise i USA og Indonesia tirsdags morgon og stoppa her for å vere i lag med oss og hjelpe til.



Ja eg har faktisk kjøpt meg KVIT sovesofa ;D Kabeltrommelen skal bli kvit og står der der berre midlertidig.

Har ikkje fått måla, montert hjul eller støtte på bordet enda, så det er litt lavt. Søste kosar seg med ein kopp kaffi før dei skal reise:)

Så ein liten serie av godguten Leon:) Han vil hjelpe gjerne til med alt og sler seg til ro uansett kvar han er. Litt vanskeleg for han og skjøne at eg bur og jobba "på Oslo" som han sei.


Dagens middag: kjøttdeig og spagetti. Første måltidet eg har laga i leiligheta mi. Eller har vi ete med tante eller på Peppes pizza som er nesten min nabo.

No skal eg rydde og vaske litt her.. Ganske seint, men eg har vore så oppheng i bombestyret her i Oslo..

Fleire bilete kjem etter kvart.. :)

4 kommentarer:

May-Liss sa...

Ditta der såg no kjempebra ut! :)) Gleda mej te å komme på besøøøk å rote på dinna fine kvite søvesoffan din!

Veronica sa...

HAHAHAH!!! :p ser ikkje du ej he teppe over?? ;)

Sigrid sa...

Ser veldig bra ut:) Tru bordet/ kabeltrommeln bli stilig!

Ravnestad sa...

Så deilig å ha hele familien med seg når man flytter i ny leilighet. Det blir jo så knallfint hos deg!!