Helu!
No er det ei stund sidan sist, og eg skal prøve å gi meg sjølv og dykk ei oppdatering.
Eg har vore på Klinikk for astma og luftveissykdommer for å finne ut meir om astmaen og allergien min. Det er tredje eller fjerde gongen eg er der og har tatt mange forskjellige pusterprøver. Dei har provosert astmaen min, og eg har gitt makspuls på tredemølle, i tillegg har dei forklart meg kva medisin eg brukar og kvifor. Eg skal fortsette med samme medisin pluss to sortar til, og ta medisin oftare.
Eg har også vore på Oslo hudpleieklinikk for å få medisisk fotpleie. Oslo hudpleieklinikk er naboen til oss på Toni&Guy, og vi får 20% rabatt. Grunnen til at eg har vore på fotpleie er fordi eg har hatt problemer med føtene mine. Og eg treng ikkje å gå meir inn på det, men eg fekk i alle fall hjelp :)
Så var eg heime i helga igjen, denne gongen var det konfirmasjon til søskenbarnet til Frode.
Det var heilt fantastiske temperaturar ute søndag og måndag. det var målt på det høgste 27 grader i skyggen!! åh, det var godt :)
1 kommentar:
Haha.... Førr nåkre gardine!!! Sånne he ej mæ vør borti ;)
Legg inn en kommentar