Søk i denne bloggen

tirsdag 17. mai 2011

17.mai

I dag sov eg litt ekstra, og det var veldig godt ;) Møtte Johanna og Malin ved Johanna i 12 tida. Der drakk vi champagne (eller mousserande vin??) :p Den var i alle fall veldig god.



Så gjekk vi ned mot byen og ei gammal dame som var ute med rullatoren sin sa når vi gjekk forbi: "ååååå, det er så kjekt å se så mange fine mennesker!!" :) Vi gjekk gjennom slottsparken, og til Karl Johan, på veien var det så utruleg fin stemning! Alle hade fine klede, godt humør og det KRYDDE av folk! :) Vi møtte Michaela ved Stortinget og gjekk vidare til Rådhuset og møtte Charlotte og satt litt i sola.


Så kom det som var det kjedelige i løpet av dagen.... Vi stod i Burger King kø... På nokon sekund blei lommeboka til Charlotte stjelt... huff.. Det er typisk på slike dagar.. Ho fekk i alle fall sperra kortet sitt.


Folkemassa :) Dei 3 første er frå Karl Johan og det siste er mot Aker Brygge.

Antrekket for dagen! Skulle ønske eg hadde bunaden min... men eg har ikkje plass til å henge den opp her i Oslo.

Frå venstre: Olav, Robin, eg og Erik. Tante tek bilete.

Ja! Eg for vidare til tante og onkel i 15,16 tida, for der var eg bedd på middag og dessert som eg skreiv i går ;)
Til middag var det heimelaga pizza, og til dessert var det is, 3 forskjellige gelèar og sjokoladekake som Olav hadde laga.

3 kommentarer:

Jude sa...

FLOTT 17 mai feiring ditta :) Oslo e fin (og folksom) den på dinne dagen :)

So visst ej vil stripe ettevekts so må ej komme tirsdag=)? åsso komme tbake å klippe d onsdag =)?

Veronica sa...

Ja virkeleg! :)

Å de stemme ja :) de e før oss he "spesialista" innen klipp eller farge. so oss he forskjellige lærera på forskjellige daga.

Mayaaa sa...

Såg ut som ei kosla feiring ditta der :)