I dag har vore ein frykteleg slapp dag. Men det er vel greit å ha dei også av og til. I går var eg i gebursdagsfeiring til Steinar og Suye. Steinar er frå Brattvågen og bur også her i Oslo. Eg kjente kun Johan og Steinar og der var cirka 20 stk. Koselig kveld med mange nye folk :)
Ida reiste til London i dag for førebuing til den eksamenen som vi skal ta i London. Så da blir eg heimealeine i ei vike.
Frode reiste også foresten til Singapore i går og var framme i dag tidleg.
Eg har brukt dagen på å vaske klede, prøvd og funne meg god musikk på Spotify, snakka med mamma, rydda litt og hatt flette-undervisning med May-liss på Skype;) ellers ikkje gjort nokon ting.
No har det blitt kveld og eg har tent lys. Vêret ute har vore grått og trist i det siste. I går eller i forgårs var det sjukt med skodde ute. Tok biletet når eg venta på trikken.
2 kommentarer:
Godt me slike daga mæ av og til :) berre sånn sulling og dulling i heimen :) Kos dej i skøddå me koslige tente lys=)
Sånne daga gjer gøtt av å te! :D
Legg inn en kommentar