Søk i denne bloggen

fredag 8. april 2011

art meeting, 30-tallet.


Vi har noko som kallast art meeting cirka ein gong i månaden. Det går ut på at begge Toni & Guy salongane i Oslo møtast og "trenar" på klipp/farge/styling.
Tema som har vore er London fashion week til dømes. Toni & Guy er hovudsponsor for London fashion week, og vi har stylistar som har vore med, og dei viser oss videoar, tips og triks korleis dei har gjort forskjellig. Etter vi har sett demoen til dei skal vi ha eigne modellar som vi må skaffe sjølve og trene. Om du er fargetekniker skal du gjere noko innan farge, er du stylist skal du gjere ein klipp eller styling, og er du lærling får du velje.

Spør gjerne om spørsmål om du lurer på noko! :)

På onsdag på art meeting skulle vi ha valt eit årstal(?), frå 20- til 90-tallet trur eg.
Eg hadde i grunn ikkje modell, men ei på jobb har 3 vennar som skal feire 30 års dag og skal ha 30-talls tema! Så då ville eg øve meg på bølgeføhn.... haha.. det var lenge sidan sist. Ho hadde i tillegg eit mega-tjukt hår, så eg sleit.. Men eg synest det vart ein kul effekt å ha det berre i luggen.

Litt 30-talls? :)


8 kommentarer:

MayaMaskin sa...

Stilig! :) Å du he fått longt hår!

Anonym sa...

stiiiiilig=) Ingrid

Unknown sa...

Good job, Veronica :D D va spesielt fint bake!

Sybell Agathe sa...

det va veldi fint bake! :) håpe du e heime første helga i juni... :P då ska ej i bryllup! hint hint! ;)

Veronica sa...

men folkens! de bake e no berre.. ei oppsetting! :p de e no de i front so gjer at de bli 30-talls :D hehe..

Åh, Sybell.. ej elska at folk spør mej!! :D men.. ej he fått akkurat samme spørsmålet om helga etter... so de kan bli litt dyrt.. må tenke litt på de.. :)

Stine sa...

Du er kjempeflink!!! Artig å følge med på bloggen din.

Ravnestad sa...

Det er så artig å høre om opplegget på Toni&Guy!!! Det må da være en fantastisk plass å få opplæring på!? Det virker veldig seriøst og bra!

Veronica sa...

Det er veldig bra på T&G. Det er ingen som har slik opplæring som vi har. Det er tøft til tider, men virkelig verdt det.