Kaaaooos...
Denne helga reiste eg heim for å hjelpe Frode med oppussing. Oppussing av stove og kjøkken sto for tur. Gangen har Frode alle rede tatt, og soverommet skal takast etter kvart. Trur det blir veldig bra!
Jah.. bilete talar vel for seg sjølv..
Kjøkkenet skal lakkerast kvitt og det må velgast ny benkeplate, fliser og vask.
Ikkje lett...
Å velge farge til stova..var heller ikkje lett. Grå fondvegg skulle det i alle fall vere. Men ikkje for mørk :)
Caffe lattè var frå før. Vi synes at det var litt for mykje rosa i fargen. Og eg har blitt velig glad i kalde fargar.
Stål heiter den grå fargen vi valte til fondveggen.
Ååååååå, så bra det må bli til slutt :)
Trudde no vi skulle bli ferdige med å måle denne helga. Men flise-kiking, benkeplate-kiking og vaske-kiking tek tid!! I tillegg til øyafest, pappabesøk, fotografmøte, tannlege og kiropraktor så flaug helga forbi.
Så eg reiste frå Frode i kaoset. halve stova/kjøkkenet umåla og møblane hulter til bulter. Jaja, blir kjekt å kome heim å sjå neste gong;)