Laurdag etter jobb satt vi på bussen i 2,5 time før vi var framme i "byen" Åmål. Der er mellom 10-13000 innbyggarar, og eg vil heller kalle det ein tettstad.
Du har kanskje høyrt om filmen "Fucking Åmål"? Men det er desverre berre Åmål-skiltet og ei bru som verkeleg er i frå Åmål.
Det var lysfest denne helga, så det var tent lys langs heile elva som var ganske fint å sjå. Vi var også ute på "byen" ein tur laurdagskvelden.
Faren til Michaela haldt på å rensa bassenget for vinteren så då fekk eg sjansen til både å sjå og ta bilete :)
Så koseleg inne med dei!! Og no skjønar eg kvar Michaela har rosa-dilla i frå, då mammaen også er veldig glad i rosa ;)
Hunden Klara :)
Søndag var det tid for å sjå Åmål. Då gjekk vi tur i skogen..
..fekk sjå den fine stranda og campingplassen blandt anna.
Meg, Klara og Michaela :)
Måndag var vi på interiørshopping, på cafè og bowla.
I slutten av oktober flytta ho til København... Gruar meg :(