Søk i denne bloggen

mandag 31. oktober 2011

Set i Malmø etter avlyst Rihanna konsert

JAJA sei eg berre. Eg og Johanna har funnet ut at denne turen var ikkje meininga.

Eg, Johanna, Malin og Charlotte bestilte billettar i februar då eg ikkje kom igjennom telefonen når det var salg av billettar til Oslo-konserten.
Vi har gleda oss lenge, og var tidleg ute med å bestille hotell og buss for å få det billegast muleg.

Charlotte har blitt ein dyktig dansar som reisar rundt i verda, og måtte vere lengre i Grønland og fekk ikkje vere med. Så skulle Malin og systera vere med, men Malin vart sjukmeldt.

Men så skulle i alle fall eg og Johanna kose oss då! (trudde vi)

Vi hadde planlagt at vi skulle ha med filmar som vi skulle sjå på bussen, og dette på min data sidan Johanna har minidata.
Eg har vore i Ålesund frå fredag til søndag og GLØYMDE ladaren min.. Der starta det.
Så var det opp kl.0500 måndags morgon som faktisk gjekk veldig fint.
Ellers gjekk bussturen på 8 timar ganske greit, utanom småting. Etter Gøteborg kom det på mykje folk, og det vart veldig dårleg luft i bussen. Når vi skulle gå av i Malmø måtte eg flytte på ein kuffert og ein pose, og ei dame ropte til meg: "du kan inta bara flytta på mine sakar som det dær!"

Vi fann hotellet vårt, Best Western hotel som vi vart positivt overraska over, men fekk ikkje til internettet. ( Her er alle negative detaljar med :p)
Vi tok oss ein tur til byen og kikka litt. Veldig koseleg by med gamle bygningar. Johanna skulle absolutt finne seg noko å ha på seg til kvelden. Det tok seg tid kan du sei.. hehe.. for dei som kjennar Johanna, så veit dei kva eg meinar ;)

Så hoppar eg fram til då vi skulle ta toget til Malmø Arena. Vi fan ut at toget gjekk fem minutter etter, og skulle spør ei dame om hjelp.. som ikkje var så blid. Så vi hadde 1 minutt igjen til slutt, og toget for rett framfor nasen på oss.
Det kom eit tog ikkje så lenge etter så vi kom med heldigvis. Men så kom det største sjokket på Malmø Arena. Kvifor sto alle ute? Ikkje i kø, berre mange forskjellige plassar? Så høyrde vi ein mann om sa i megafon at Rihanna var sjuk. Først trudde vi at det var berre tull. Så ropte han sint at ho var sjuk, og han kan ikkje svare på alle spørsmål, konserten er avlyst.... Eg ringte Frode om han kunne sjekke aftonbladet.se og Malmø Arena sine sider. På Malmø Arena sto der at den var avlyst, og kort tid etter stod det på aftonbladet.

Då var det berre å komme seg på toget mens billetten endå var gyldig. Vi visste ikkje heilt kvar vi skulle, men prøvde ned ei rulltrapp. Nei det såg øde ut, så eg for opp igjen, men då kom der eit tog, og Johanna ropte: kom ned igjen! og eg måtte byrje og springe ned rulletrappa og hoppe siste biten for å klare det. Johanna flira og flira og sa det skulla vore filma. Det gjekk bra då, men det var feil tog.. :p

Skuffa og lei som vi var(er), fann vi ut at vi måtte ha noko å ete. Veldig vanskeleg å finne restaurantar her i denne by, og når vi fann nokon så var enten kjøkkenet stengt eller så sto vi bak vent-til-bordplassering-skilt og det aldri kom nokon. Fann til slutt ein plass der det faktisk var veldig god mat! Bestilte meg ein plankebiff faktisk. Er ikkje akkurat kvardags, men følte eg kunne unne meg det etter denne dagen.

Resten av kvelden har vi slappa av i mysbyxor/joggebukser på hotellet.

I morgon er det 8 timar i buss igjen tilbake til Oslo. Oh happy day.

God natt.

mandag 24. oktober 2011

Mat,lys,blad++


Kjøleskapet er fylt opp med diverse. Krabbe blandt anna :) To brød har dei kjøpt, dopapir, PIZZASKJERER..


Ei heil SKUFFE med mat :P har aldri hatt så mykje mat her før.



Nye stearinlys :)


Ho sa dei hadde kjøpt mat og lys, men ikkje alt rundt! Til og med to blad! :)
Dei kom frå Tyrkia seint i går kveld og eg måtte på jobb i dag. Dei kom og åt lunch i lag med meg, og tante køyrde dei til Gardermoen. Så no når eg kom heim no så smilte eg frå øyre til øyre :)

Tusen hjarteleg takk <3

søndag 23. oktober 2011

Klatring


 Såå fornøgd :D



Robin, meg, Erik og Olav.
Her var det berre å komme seg opp for biletetaking :p


Robin og meg! 


Robin for på utoverveggar, klartra oppi taket og det som var. Så her er han ganske sliten.


I går var eg, søskenbarna mine Erik og Robin, onkel Olav og tante Grethe(såg på) på klatring på Thorshov.
Det var utruleg gøy, og eg var overraska over at eg klarte å komme meg opp! Når eg prøvde sist gong kom ikkje eg meg ein halv meter ein gong.. hehe..

fredag 21. oktober 2011

Bileta frå Steen&Strøm



Her er endeleg bileta frå Steen&Strøm katalogen som eg var hår-assistent på!! :D Er ikkje dei vel kule??
Så gutar, her er haustmotane ;)

onsdag 19. oktober 2011

Invit Ålesund


Som eg skreiv så har eg vor heime i helga og tatt lærlingbilete. Heile laurdagen og heile søndagen gjekk til dette. Det var veldig gøy, og eg kosa meg. Gjekk faktisk mykje betre enn forventa.
I dag har eg også fått tips, hjelp og tilbakemeldingar frå sjefen.
Gledar meg til å vise bileta her.


Men tilbake til helga. Tirsdag før eg skulle reise møtte eg systera mi på espressobaren Invit i Ålesund. Eg har aldri vore der før, og eg vart positivt overraska. For ein koseleg plass! Det ligg på ein måte rundt hjørnet for Anno. Nært Mølla bar, berre mot hotella om dei som forstår det betre.
Bilete over fanga meg i desse bilete tide ;) Tykkjar det var utruleg kult.
Men eg vil også anbefale Invit for å ta deg ein kaffi, ein matbit, eller ein godbit som vi gjorde. Mykje som frista.
Utrulg koseleg og kult der inne. Dei har også interiørbutikk som er nabodøra med mykje forskjellig,
Ta deg ein tur på heimesida http://www.invit.no/ 

lørdag 15. oktober 2011

Bak kamera!

 Eg skal vere med på årets lærlingbilete i år som arrangerast av NFVB ( www.nfvb.no )
Dette har eg planlagt ei stund, og er ikkje i tvil om at eg har valt rette folk å jobbe med i alle fall!! Trur vi har kosa oss i dag alle saman. Modell, makeup, ei som har laga kjolar til meg, og fotograf. 

Å det blei MYKJE BETRE ENN PLANLAGT!!! Åh, for ein fantastisk deilig følelse. 

Ein serie på 3 bilete skal det bli :) To (295:P) bilete er tatt i dag, og i morgon blir det siste :)


onsdag 12. oktober 2011

Damenes aften på Bohus

(trykk på bileta for å sjå dei større)


Fine stova mi ;)
 Eg og tante var på damenes aften på Bohus i går kveld etter stengetid. 
Der var myyykje folk, god mat og drikke, og ei gal dame som heldt foredrag om både trender og damer.
Eg kjøpte meg ein barstol til (sidan eg har berre ein), lysestakane (med lilla lys) på 50%, potte til blomen min, og ei steinramme. Det var 20% på alt :)

 

 Eit koseleg rosa lys som kom på bilete! Sikkert av TV`en :)




Nærmare bilete av glaskarmen min. Har ikkje fått bilete i alle rammene endå ;)


Ein søt sparegris og eit superkult bord!


Eg ønskar meg verkeleg denne klokka.. Eller det står mellom denne og ei klokke på Kremmerhuset som er på ein måte lik, berre kvitt tre til bakgrunn. Eg skal i alle fall etter kvart ha ei stoor klokke over kabeltrommelen min :)


Tante fann seg ein sofa ho likte svært godt :) Og ho kledde den ;)


(Sei at ej he de fint då.. ;p )

tirsdag 11. oktober 2011

Oppsettingar


I dag har eg leika eg med oppsettingar store delar av dagen på jobb. Først på dokkehovud, så var eg så heldig å få låne Jannicke :) Då vart det fort mykje kjekkare, og eg trur eg laga fire forskjellige oppsettingar.

Kosa meg gjor eg :D

Eg har no i kveld vore på Damenes aften på Bohus etter stengetid. Det var veldig kjekt, kjem meir om det i morga ;)

God natt :)

søndag 9. oktober 2011


Fredaskveld hadde eg besøk av Johanna <3 Ei veldig god venninde frå jobben, som skal flytte tilbake til Gøteborg om 11 veker :(


Eg har faktisk kjøpt meg litt pynt!! Veldig fornøgd ;) Det er tydlegvis veldig inn med Buddha no! Det er over alt. Eg vil ikkje ha noko "statue" av Buddha, men desse serviettane synest eg var kule :)

Har forresten hatt besøk av mamma og pappa sidan i går kveld til i kveld så dei reiste vidare til Tyrkia.
Vi har kosa oss masse. Eg likar veldig godt å ha besøk ;)

onsdag 5. oktober 2011

Reportasje frå Aftenposten!!!

Jublet for United og jobben

Det er ikke bare Wayne Rooney som sørger for jubel på Old Trafford. Sjefen for et lite norsk firma fikk også inn en fulltreffer.


 (meg og Frode i grått der :)

- Når jeg kikker meg rundt og ser de ansatte smile fra øre til øre; da er jeg ikke i tvil: Dette er en opplevelse det var verdt å bruke penger på.
Uttalelsen falt fra daglig leder Johnny Longva i maskinentreprenørfirmaet Longva Maskin da det var pause i toppkampen mellom Manchester United og Chelsea. Hjemmelaget ledet 3–0, og rundt seg hadde han alle sine ansatte, 12 lastebil– og gravemaskinsjåfører fra Haram på Sunnmøre. Og fruer og samboere.
- En fantastisk opplevelse, og den blir jo helt ekstraordinær når vi får servert en slik kamp, mente lastebilsjåførene Tor Atle Urkedal og Tor Inge Hagset.

Investering

Til daglig er de opptatt av veibygging og tomtegraving. Jobben fører dem sjelden til andre steder enn nabokommunene. Men etter 40 år i bransjen mente sjefen, Johnny Longva, at de ansatte fortjente noe mer. Han bestemte seg derfor for å bruke en ikke uvesentlig del av årets driftsoverskudd på å påskjønne sine folk.

 Papsen :)

- Jeg setter pris på mine ansatte. De får mye skryt for jobben de gjør fra våre oppdragsgivere, og jeg ser på en slik tur som en investering i arbeidsstokken. Jeg vil de skal trives.
På den tre dager lange turen til London og Manchester sto restaurantbesøk og sightseeing på programmet – og litt fagprat. Mens damene boltret seg i storbyens shoppingtilbud, benyttet mennene noe av tiden til å se på maskiner og utstyr.
Men hovedmålet – og det forventede høydepunktet – skulle være oppgjøret mellom Manchester United og Chelsea. Det ble en forrykende forestilling; masse sjanser, fire mål, straffebom og andre misser. Selv gruppens minst fotballinteresserte kunne ikke ha kjedet seg.
- Det er slikt som vi, som et firma og en kameratgjeng, sikkert bare får oppleve én gang, mente sjefen, mens han skuet utover folkehavet på Old Trafford – 75.000 i antall.

Tror på effekt

58-åringen startet firmaet som 18-åring, da han kjøpte sin første gravemaskin. Gradvis har det vokst, og et og annet år er det blitt et julebord eller en liten tur. Aldri høy sigarføring. Denne gangen ville han ta litt i. Men de droppet julebordet i fjor for å få det til.
- Vi har vært på anleggsmesser og en tur til København, men dette ble noe helt annet. Og her snakker vi også om helt andre kostnader.
Hvor mye det ble til slutt, ønsker han ikke å si så mye om. Han hadde heller ikke helt oversikten på vei til Old Trafford. Men han avslører at bare fotballbillettene kostet firmaet rundt 4000 kroner pr. hode, inkludert måltid og snacks før og etter kampen. For det skulle ikke bare være kamp, men en spesiell ramme rundt den også.
- Vi tror han får tilbake et styrket fellesskap blant de ansatte og sterkere lojalitet til bedriften, fortalte gravemaskinsjåførene Einar Rogne og Morten Engeset på vei til kamp.

Kompiser på tur

Ifølge de ansatte i Longva Maskin, handler det ikke bare om de tre dagene i England. Ideen om en slik tur ble sådd allerede for et års tid siden. Ved påsketider var billettene bestilt.


- For oss blir det litt vanskelig å si noe om hvordan denne turen har preget arbeidsmiljøet i forkant. Men vi har sett frem til den i lang tid og gledet oss enormt. Det er jo ikke dagligdags dette i vår bransje, fortalte Einar Rogne, som har vært gravemaskinfører i firmaet i 15 år.Spørsmål om hvorvidt noen så en risiko i å tilbringe så mye tid sammen, på en arena de ikke var vant til å møtes, ble møtt med nesten uforstående hoderisting. Her var det, ifølge de ansatte, liten mulighet for at det skulle oppstå intriger, gnisninger – eller at noen skulle havne utenfor. Eller komme opp i problemer.
- Vi er et lite firma, nesten som en kameratgjeng. Jeg var derfor trygg på at alle skulle komme seg hjem til hotellet på kvelden, forsikret sjefen.

PS

To dager etter returen til Norge tok vi for sikkerhets skyld en telefon til gruppens reiseleder, Terje Devold, som har lang erfaring med å hanskes med reisegrupper både i Norge og utlandet.

 - Det var en fantastisk disiplin i denne gruppen. De holdt sammen til midnatt, da skiltes de i to grupper: De under 40 og de over 40. Og alle passet på hverandre.

tirsdag 4. oktober 2011

Assistent på show


Michaela tok bilete av meg! :p Resten trur eg har tatt.

Vakre Carina :)


Eine oppsettinga 

Andre "oppsettinga"


Roosa 

Klipp og farge

Mitt verk :p Afrohår! Eigentleg har han heilt glatt hår.

Modellane.

Etter denne visninga med 9 modellar for begge Toni&Guy salongane, steig Michaela ein grad opp.
Det er fire gradar for klipp og fire gradar for farge.

Gå på bloggen til Michaela for å sjå meir: http://michaelaschullstrom.blogg.se/